Édouard Detaille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edouard Detaille.

Jean Baptiste Édouard Detaille (5. oktober 184823. desember 1912) var ein fransk målar. Detaille måla detaljert og nøyaktig akademisk kunst, og er særleg kjend for sine militærmåleri som skildra enkeltsoldatar, slag og militærhistorie.

Édouard Detaille blei lærling av Jean-Louis-Ernest Meissonier i 1865 og debuterte på salongen i Paris i 1867. Han var med i den franske hæren under den fransk-prøyssiske krigen 1870-71, og fekk med dette ein ny motivkrets. Saman med Alphonse de Neuville måla han to panoramabilete med motiv frå krigen.

Etter ein ekspedisjon til Tunisia måla Detaille slag derfrå, og eit opphald i Russland førte til ei rekke slag-skildringar for tsar Aleksander III.

Detaille gav ut kunstbøker, mellom anna L'Armée Française (1885-1889), som skildra uniformar brukte i hæren.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Édouard Detaille
Spire Denne kunstartikkelen som har med militær og Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.