Édouard Manet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Le déjeuner sur l'herbe» ('Frukost i det grøne') (1862-1863).

Édouard Manet (23. januar 183230. april 1883) var ein fransk målar. Han var den mest markerte kunstnaren i overgangen mellom realisme og impresjonisme og blir rekna som ein av dei tidlegaste profilane i den kunstneriske modernismen.

Manet blei tidleg påverka av den realistiske framstillinga av verda, slik han såg det i arbeida til tidlegare kunstnarar som Diego Velázquez, Frans Hals og Francisco Goya. Han blei ein av dei første kunstnarane som brøyt mot den dominerande akademiske tradisjonen i Frankrike på 1800-talet, og fleire av arbeida hans, som «Le déjeuner sur l'herbe» ('Frukost i det grøne', 1861-1863) og «Olympia» (1863-1865), blei motteke med stor debatt i det franske samfunnet.

Édouard Manet var fødd og døydde i Paris.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Édouard Manet