Édouard Vuillard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå venstre Ker-Xavier Roussel, Édouard Vuillard, Romain Coolus og Felix Vallotton, foto frå 1899
To skulegutar, 1894

Jean-Édouard Vuillard (11. november 186821. juni 1940) var ein fransk målar og grafikar, medlem av nabisgruppa.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vuillard var son til ein pensjonert offiser og voks opp i Cuiseaux i Saône-et-Loire. Då han var ni år gammal, 1878, flytta familien til Paris. Etter faren døydde i 1884 fekk Vuillard eit stipend så han kunne halde fram studiane sine. På Lycée Condorcet møtte han målarar som Ker Xavier Roussel, Maurice Denis, musikaren Pierre Hermant, forfattaren Pierre Véber og Lugné-Poë. Etter råd frå Roussels nekta han militærteneste og byrja på École des Beaux-Arts, der han trefte Pierre Bonnard.

År 1885 byrja Vuillard, saman med Roussel, å studere under målaren Diogène Maillart. Hos Maillart tileigna dei to seg dei grunnleggjande kunnskapane for kunstmålarfaget.

Vuillard gjekk i 1888 inn i kunstnargruppa Les Nabis. Han deltok på utstillingane til gruppa på galleriet 'Le Barc de Boutteville'. Seinare delte han atelier med andre medlemmer i nabisgruppa, som Pierre Bonnard og Maurice Denis. Tidleg på 1890-talet arbeidde Vuillard for Théâtre de l'Oeuvre i Lugné-Poë, der han designa scenografi og trykksaker.

Saman med andre i Les Nabis, framom alt Bonnard, utvikla han ein kunst som kombinerte symbolisme og impresjonisme. Verka hans er ofte kjenneteikna av dekorative flater og påverknad frå japanske tresnitt, særleg kva gjeld perspektivet.

Vuillard døydde i La Baule-Escoublac i 1940.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Édouard Vuillard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]