Ég á líf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Ég á líf»
Singel av Eythor Ingi
Land Island
Språk Islandsk
Utgjeve Februar 2013
Låtskrivar(ar) Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson

«Ég á líf» er det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på islandsk av Eythor Ingi. Songen er skriven av Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson.

Söngvakeppnin 2013[endre | endre wikiteksten]

Eyþór Ingi Gunnlaugsson sendte inn «Ég á líf» til Ríkisútvarpið (RÚV) og vart valt ut til å delta i Söngvakeppnin 2013, den islandske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. For å delta i finalen måtte kvart bidrag kvalifisere seg éin av dei to semifinalane.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer fem, etter «Sá sem lætur hjartað ráða för» av Edda Viðarsdóttir og før «Meðal andanna» av Birgitta Haukdal. Bidraget gjekk vidare til finalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer tre, etter «Lífið snýst» av Svavar Knútur Kristinsson og Hreindís Ylva Garðarsdóttir Hólm og før «Meðal andanna» av Birgitta Haukdal. Bidraget gjekk vidare til superfinalen og vann. «Ég á líf» vil dimed representere Island i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Ég á líf»
ESC2013 - Iceland 02.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Island
Artist(ar) Eythor Ingi
Språk Islandsk
Komponist(ar) Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson
Låtskrivar(ar) Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson
Resultat
Semifinalepoeng 72
Semifinaleplass 6
Finalepoeng 47
Finaleplass 17
Island i Eurovision Song Contest
«Never Forget»
(2012)
«Ég á líf» «No Prejudice»
(2014)

Etter sigeren i Söngvakeppnin 2013 vart det klårt at «Ég á líf» vil representere Island i Eurovision Song Contest 2013. Det vert det fyrste bidraget sidan 1997 som vert framførd på islandsk. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Island vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer åtte, etter Bulgaria med «Samo shampioni» av Elitsa Todorova og Stoyan Yankulov og før Hellas med «Alcohol Is Free» av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis. Bidraget gjekk vidare til finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Islandske songar i Eurovision Song Contest