Éjina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Éjina
Lokalt namn: Αίγινα
Hamna i Éjina
Hamna i Éjina
Geografi
2011 Dimos Eginas.png
Stad Saroniabukta i Egearhavet
Koordinatar 37°45′N 23°26′EKoordinatar: 37°45′N 23°26′E
Øygruppe Dei saroniske øyane
Areal 87,41 km²
Høgaste punkt Óros (532 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Éjina by (6 867 innb.)
Demografi
Folketal 13 056 (2011)
Folketettleik 155 /km²

Éjina (gresk Αίγινα) eller Aegina er ei av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, 50 km frå Athen. Tradisjonen seier at namnet kjem av Aigina, mor til Aiakos som vart fødd på og herska over øya. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí. Administrasjonssenteret er Éjina by, som ligg på den nordvestlege enden av øya. På grunn av plasseringa i forhold til Athen er øya ein populær utfartsstad i sommarmånadane, og mange atenarar eig sommarhus her.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Éjina har ei trekanta form med eit areal på 87 km². Øya er 13 km lang frå nordvest til søraust og 15 km brei.

To tredelar av Éjina er ein utdøydd vulkan. Den nordlege og vestlege sida består av steinete, men frodige sletter, der ein mellom anna dyrkar korn, bomull, vinranker, mandel, oliven og fiken, men mest karakteristisk er pistasje. Økonomisk er òg fiske etter svampar viktig.

Den sørlege, vulkanske delen av øya er kupert og berglendt, og stort sett aude. Den høgaste toppen er Óros i sør. Ein fjellrygg strekkjer seg nordover derifrå med smale, frodige dalar på kvar side.

Stranda Ajía Marína sett frå ein lokal restaurant.

Strendene på øya er ein populær turistattraksjon. Båtar frå Athen kan nå øya på 20 minutt, men vanlege ferjer bruker opp mot ein time.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Éjina

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dei saroniske øyane

Salamína • Psyttália • Éjina • Agístri • Póros • Ýdra • Dokós • Spétses • Spetsopoúla