Émile Durkheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Émile Durkheim

Émile Durkheim (15. april 185815. november 1917) var ein fransk vitskapsmann, kjend som ein av grunnleggarane av sosiologi og antropologi.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Émile Durkheim blei fødd i byen Épinal i departementet Vosges og kom frå ein jødisk familie der både far hans og bestefar hans hadde vore rabbiar. Durkheim sjølv førte eit fullstendig sekulært liv og i fleire av arbeida sine forsøkte han å vise at religiøse fenomen kjem av sosiale forhold.

Durkheim blei elev ved École normale supérieure i Paris etter gymnaset (lycée) og i 1882 avla han høgare lærareksamen (agrégation) i filosofi. Han blei professor med ansvar for undervisning i samfunnsvitskap og pedagogikk ved Universitetet i Bourdeaux frå 1887 og ved Sorbonne i Paris frå 1902. Han måtte vente til 1912 før undervisninga hans offisielt omfatta sosiologi også. Durkheim ville tone ned at mykje av arbeidet hans omfatta pedagogikk og førelesingane hans i dette faget blei først utgjevne etter at han var død. Pedagogikkurset var det einaste ved Sorbonne som var obligatorisk for alle og Durkheim sine idéar fekk såleis mykje å seie for komande lærarar i gymnas og i høgare utdanning.

I 1896 starta han tidsskriftet L'Année Sociologique og samla rundt seg ei gruppe forskarar som i ettertid har vorte omtala som «Annéeskulen» i fransk sosiologi.

Durkheim sin sosiologi[endre | endre wikiteksten]

Det sosiale faktumet[endre | endre wikiteksten]

Durkheim søkte å lage ein vitskap for den sosiale orden ved å studere denne som «... måtar å handle på, å tenkje og føle på, som er utanfor individet og som er gjeve ei ytre tvingande makt (pouvoir) og som i kraft av denne påtvingar seg individet.»[2] For Durkheim var det avgjerande at ein skulle studere det sosiale frå ei utside – som ting.

I boka Det religiøse livet sine elementære former framstiller Durkheim dette litt annleis. Det sosiale framstår her som eit kollektivt ideal: «Eit samfunn kan verken skapast eller gjenskapast utan, på same tid, skape eit ideal.»[3] Dette tek form av eit kollektivt medvit skapt gjennom ei syntese av dei einskilde medvita, men denne syntesa har ein særskild eksistens. Ein kan ikkje gå frå dei einskilde medvita til det kollektive medvitet. Tvert om vil dei einskilde medvita ofte berre ytre seg som variantar av det kollektive medvitet.

Solidaritet[endre | endre wikiteksten]

Durkheim er også kjend for analysene sine av det sosiale i form av solidaritet. I boka Om den sosiale arbeidsdelinga skil han mellom ein mekanisk og ein organisk solidaritet. Solidariteten i dei før-industrielle bondesamfunna er knytt til at alle er like. Den enkelte blir halden på plass av eit strengt felles medvit og dette medvitet ytrar seg, mellom anna, gjennom straffelovgjevinga: Enkle reglar som gjeld for alle. Denne mekaniske solidariteten blir utfordra gjennom den gradvise utviklinga av ei arbeidsdeling som følgje av industrialisering og utvikling av kapitalisme. Gjennom arbeidsdelinga blir individa ulike – dei får ein individualitet. Durkheim meinte arbeidsdelinga legg grunnlaget for ein organisk solidaritet gjennom at dei ulike samfunnsmedlemene er avhengige av kvarandres arbeid. I lovgjevinga ytrar dette seg ved framveksten av kontraktsrett og erstatningsrett – reglar som nettopp anerkjenner partanes ulike plikter. Medan strafferetten er repressiv og stiller alle likt, så er rettsreglane for den organiske solidariteten restitutive. Føremålet med dei er å gjenopprette forholda mellom borgarane slik at samfunnet kan fungere normalt. Lovgjevinga er berre ein av mange måtar solidariteten som moralsk orden ytrar seg.

Denne teorien, som skulle forklare kvifor menneska både er meir individualistiske og samtidig meir kollektive, står i sterk kontrast til det Durkheim oppfatta var situasjonen i samtida hans. Den organiske solidariteten hadde på det tidspunktet ikkje vorte tilstrekkeleg realisert. I staden for å sjå at samfunnsmedlemene var gjensidig avhengige av kvarandre, så var forholda mellom individa og grupper prega av snevre eigeninteresser. Eit resultat av dette var økonomiske kriser, politisk ustabilitet og streikar. Samfunnet var prega av det Durkheim kalla anomi (lovløyse).

Verknader av Durkheim[endre | endre wikiteksten]

Innverknaden til Durkheim både på sosiologien si utvikling og for fransk samfunnsliv har vore vidtfemnande. Mange seinare samfunnsforskarar har bygd på arbeida hans. Ikkje minst gjeld dette funksjonalismen som retning innan sosiologien. Nokon av dei mest kjende vidareutviklingane i dag er Talcott Parsons og hans sosiale systemteori og Pierre Bourdieu sin teori om sosiale felt.

I si eiga samtid var synspunkta til Durkheim og elevane hans svært omstridde blant andre samfunnsforskarar som kritiserte han for å leggje for mykje vekt på det kollektive nivået. I staden meinte ein at individa burde vere startpunktet for alle samfunnsvitskaplege analyser. Gabriel Tarde var ein av dei fremste kritikarane til Durkheim.

Boka Om den sosiale arbeidsdelinga hadde ein omfattande politisk verknad i Frankrike i åra etter at den kom ut. Ho blei tolka som eit vitskapleg grunnlag for solidarismen som var ein viktig radikal politisk retning på 1890-talet og hadde politikaren Léon Bourgeois som den fremste leiaren. Denne perioden var prega av store streikerørsler, den opprivande Dreyfus-affæren og strid mellom republikken og den katolske kyrkja. Denne striden enda i skilje mellom stat og kyrkje i 1905. Dei radikale som styrte staten i denne tida, såg solidaritet som eit nytt sekulært grunnlag for republikken. Den usikre situasjonen til republikken ville finne ei løysinga i den organiske solidariteten og den fremste oppgåva til staten blei frå denne tida å fremje denne sosiale samkjensla.

Av og om Durkheim[endre | endre wikiteksten]

Sentrale bøker av Durkheim[endre | endre wikiteksten]

Bøker av Durkheim på skandinaviske språk[endre | endre wikiteksten]

Bøker om Durkheim[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowie, Fiona (2006): The anthropology of religion: An Introduction. 2. utgåve. Oxford: Blackwell. Side 15. ISBN 978-1-4051-2105-7 eller ISBN 978-1-4051-2104-0.
  2. Omsett frå side 5 i Les règles de la méthode sociologique frå 1950.
  3. Omsett frå side 603, ISBN 2-13-039037-4.