Émile Zola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Émile Zola
Artikkelen «J'accuse»
Autografen til Zola
Portrett av Edouard Manet (1868)

Émile Édouard Charles Antoine Zola (2. april 184029. september 1902) var ein viktig fransk forfattar og poet, ein av dei viktigaste innanfor naturalismen, og ei viktig drivkraft i den politiske liberaliseringa av Frankrike.

Émile Zola skreiv det verdskjende opne brevet: J'accuse (Eg anklagar) om Dreyfus-saka, som dreidde seg om ein dom for spionasje av ein uskuldig fransk offiser. Brevet var retta mot den franske presidenten og vart offentleggjort i avisa L'Aurore den 13. januar 1898. Zola innser i brevet at ytringa hans er eit lovbrot (injurie), men skriv det likevel som ei samvitshandling. Han vart då òg dømd til fengsel for det, men brevet var i høg grad medverkande til at saka mot den dømde offiseren vart teke opp att og til at den uskuldige fekk oppreising.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Zola starta utdanninga si i Aix-en-Provence, der far hans, ingeniør Francois Zola, ein italienar, var busett og døydde i 1847. Mora, som var fransk, flytta med sonen sin til Paris, der han 1858 starta på Lycée Saint-Louis. Han hadde planar om å verte advokat, men fall gjennom i eksamen 1859 og søkte arbeid som kontorist, men forlet plassen etter to månader. Han levde i mars 1860 til februar 1862 eit bohemliv til han fekk plass i Hachette & co:s forlagsbokhandel. Etter nokre år hadde han skrive vers som var meir som etterklangar (Musset m. fl.) og fann ikkje forleggjarar. 1864 fekk han likevel gjeve ut nokre dikt i L'académie des jeux floraux i Toulouse og same år kom debuten hans, novellesamlinga Contes à Ninon, naive små skildringar, satiriske eventyr, fantasiar, heilt ulikt hans seinare verk. Han skreiv så avisartiklar, spesielt kritikk av kunst og litteratur i Figaro og L'événement, som fekk merksemd av fagfolket og det interesserte Manet, den enno ukjende målaren, og dei realistiske tendensane. Dei samla seg i Mes haines, causeries littéraires et artistiques (1866), der mellom anna Mon solon finst.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Émile Zola

Kjelder[endre | endre wikiteksten]