Éngomi

Koordinatar: 35°10′N 33°19′E / 35.167°N 33.317°E / 35.167; 33.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Éngomi
Έγκωμη
Engomi
Horisonten til Éngomi
Horisonten til Éngomi
Styresmakter
Land
Distrikt
 Kypros
Levkosía
Geografi
Flatevidd 9,90484 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

18 010
Koordinatar 35°10′N 33°19′E / 35.167°N 33.317°E / 35.167; 33.317
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+2, UTC+03.00 (UTC)
UTC+03.00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.engomi.org/
Plassering
Éngomi innafor distriktet Levkosía
Éngomi innafor distriktet Levkosía
Éngomi innafor distriktet Levkosía

Éngomi (gresk Έγκωμη, tyrkisk Engomi) ligg i den vestlege delen av byområdet til LevkosíaKypros og er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 18 010 innbyggjarar.[1]

Éngomi inngår i storbyområdet til Levkosía.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Éngomi oppstod mest sannsynleg i 1567 etter at hus, om lag 80 kyrkjer og kloster utanfor Levkosía (Nikosia) vart rivne. Venetianarane bygde så den nye bymuren rundt Nikosia som står den dag i dag. Då dei gamle murane blei rivne og dei nye bygde, blei omkrinsen redusert for å styrke forsvarsevna og avgrense talet på soldatar som var nødvendig for å bemanne dei. Dei heimlause innbyggarane frå dei rivne busetjingane vart flytta sørvest for Levkosía eit stykke utanfor bymuren og ein halv kilometer frå den eksisterande landsbyen Ájos Dométios. Saman med bønder i lokalområdet grunnla dei Engomi. Den fyrste kjernen i busettinga utgjorde området nordaust for den gamle kyrkja Ájos Nikólaos (nær Makáriosplassen).[4]

Kommune[endre | endre wikiteksten]

Engomi blei ein kommune i Kypros i februar 1986. Dette skjedde etter ei folkeavstemming under kommuneloven av 1985 (lov 111/85). Den fyrste ordføraren og byråd blei vald i valet som blei halde mai 1986. Den fyrste folkevalde ordføraren var Mikhalákis Zivanáris.

Kommunestyret består av 12 folkevalde og ordføraren. Ifølgje kommunelovane blir desse valde i val som blir haldne i desember kvart femte år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023. 
  2. «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023. 
  3. Nicosia Train, historisk oversyn, arkivert frå originalen 5. august 2016, henta 4. juli 2016 
  4. Nettstaden til Engomi kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.