Épernay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Épernay
View of Épernay from Mont Bernon.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Marne
Geografi
Flatevidd
 - By

22,69 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

26 000
  1 145/km²
Koordinatar 49°02′″N 03°57′″EKoordinatar: 49°02′″N 03°57′″E
Høgd over havet 72 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 51200
Heimeside: www.epernay.fr

Épernay er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Marne i regionen Champagne-Ardenne og har om lag 25 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Épernay ligg 140 km nordaust for Paris langs jernbanelinja til Strasbourg. Byen ligg ved den venstre breidda til Marne i enden av den vakre Cubrydalen som kryssar han.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Épernay (Sparnacum) høyrte til erkebiskopane av Reims frå 400- til 900-talet, då han kom inn under grevane av Champagne. Han vart hardt råka under Hundreårskrigen og vart sett i brann av Frans I i 1544. Byen stod imot åtak frå Henrik av Navarre i 1592, og Armand de Gontaut fall under åtaket som gjorde at byen til slutt vart erobra. I 1642 vart byen, i lag med Château-Thierry, oppgradert til hertugdøme og overført til duc de Bouillon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Épernay