Éric Abidal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Éric Abidal
Éric Abidal - 001.jpg
Personleg informasjon
Namn Éric Bilal Abidal
Fødselsdato 11. september 1979
Fødestad Lyon i Frankrike
Høgd 186 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Barcelona
Draktnummer 22
Ungdomsklubb
1999-2000 Frankrike Lyon Duchère
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2000-02
2002-04
2004-07
2007-
Monaco Monaco
Frankrike Lille
Frankrike Lyon
Spania Barcelona
22 (0)
60 (0)
84 (0)
72 (0)
Landslag**
2004- Frankrike Frankrike 55 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 6. februar 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. juni 2010.

Éric Bilal Abidal (fødd 11. september 1979 i Lyon) er ein fransk fotballspelar. Han spelar i forsvar for Barcelona i spansk Primera Division, og for det franske landslaget. Han har vorte seriemeister i Frankrike tre gonger med Lyon (2005, 2006 og 2007) og tre gonger i Spania med Barcelona (2009, 2010 og 2011). Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2009. Han debuterte for Frankrike sitt A-landslag 18. august 2004. Han spelte alle kampane utanom éin under fotball-VM i 2006, då Frankrike tok sølvmedalje. Fram til sommaren 2010 har han aldri skåra eit mål i ein profesjonell seriekamp eller A-landskamp. Familiebakgrunnen hans er frå Martinique.