Étang de Berre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Étang de Berre
Étang de Berre - Hamn ved Istres
Hamn ved Istres
Koordinatar 43°27′N 05°06′EKoordinatar: 43°27′N 05°06′E
Type innsjø lagune
Tilsig Arc, Touloubre, Cadière, Canal de la Durance
Utsig Canal de Caronte, Canal du Rove
Tilsigsområde 1 700 km²
Tilknytte land Frankrike
Overflateareal 155,3 km²
Vassvolum 900 mill. m3
Høgd over havet 0.4 m

Étang de Berre (på provençalsk oksitansk: Estanh de Bèrra/Mar de Bèrra eller Estang de Berro/Mar de Berro) er ein vassmasse ved sida ved Middelhavet vest for Marseille.

Han vart danna av stigande vassnivå mot slutten av førre istid, og denne litle innlandssjøen er delt i tre delar: Den største vassmassen, Étang de Vaïn i aust og Étang de Bolmon i søraust.

Étang de Berre får ferskvatn frå elvane Arc, Touloubre og Cadière, og sidan 1966 frå Canal de la Durance. To kanalar knyter han til sjøen: Canal de Caronte som går til Port-de-Bouc og Canal du Rove som går til L'Estaque. Den sistenemnde kanalen er deriomt blokkert på grunn av eit steinras under vatnet.

Ti kommunar grensar til Étang de Berre: Istres, Miramas, Saint-Chamas, Berre-l'Étang, Rognac, Vitrolles, Marignane, Châteauneuf-les-Martigues, Martigues og Saint-Mitre-les-Remparts.