Étang de Thau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Étang de Thau
Étang de Thau -
Stad Languedoc-Roussillon i Frankrike
Koordinatar 43°24′N 03°37′EKoordinatar: 43°24′N 03°37′E
Største lengde 21 km
Største breidde 8 km
Overflateareal 70,12 km²
Middeldjupne 4 m
Største djupne 30 m
Høgd over havet 0 m
Busetnadar Marseillan, Mèze, Bouzigues, Balaruc-les-Bains, Sète

Étang de Thau eller Bassin de Thau er den største étang (innsjø eller lagune) i området langs Languedoc-Roussillon, den franske kysten frå Rhône til foten av Pyreneane. Han er den nest største innsjøen i Frankrike.

Han er om lag 21 km lang og 8 km brei med eit areal på 70,12 km². Middeldjupet er 4,5 meter, men i den sentrale kanalen er han nærare 10 meter. Nær Bouzigues er det ei nedsynking med ein diameter på 100 meter og eit djup på 30 meter. Denne 'Fosse de la Vise' er ei varemkjelde som vert nytta av eit kurbad i Balaruc.

Fram til nyleg tid danna desse «étangane» ein samanhengande indre vassveg frå Marseillan til Rhône. Tidlege innbyggjarar kalla dette «une petite mer intérieure et tranquille» (eit lite, roleg og indre hav). Dette gav tilgong til Marseillan, ein fiskelandsby som vart eit handelssenter.

Canal du Midi ved Marseillan

I dag er innsjøen forbunde til elva Rhöne via Canal du Rhône à Sète og av Canal du Midi til Bordeaux via Toulouse. Innsjøen er òg forbunde med Middelhavet ved Sète. Det finst òg ein liten kanal, Le canal des Allemands eller «pisse-saume», som knyttar den vestlege delen til sjøen ved Marseillan. Denne kanalen kan berre nyttast av små fartøy sidan både veg- og jarnbanebrua ligg lågt over vatnet.

Innsjøen ligg mellom landsbyane Sète og Marseillan i Hérault departement og er delt mellom kommunane Balaruc-les-Bains, Balaruc-le-Vieux, Bouzigues, Frontignan, Sète, Marseillan, Mèze og Loupian.

I aust, mellom Balaruc og Sète, ligg det eit industriområde ved innsjøen. Sørsida er forma av kyststripa frå Sète til Cap d'Agde. Nordsida har mange fiskelandsbyar.

Innhaldsliste

[endre] Økonomi og naturressursar

Innsjøen er forbunde med sjøen og har fisk som dorade (brasme) og ein blømande skalldyrindustri. Det finst 18 forskjellige sortar skaldyr i innsjøen, og den viktigaste er østers. 750 produsentar har 2 750 anlegg som gjev 13 000 tonn østers årleg. Dette er om lag 8,5 % av årsforbruket til heile Frankrike. Østers frå Étang de Thau vert markedsført som huîtres de Bouzigues (Bouzigues-østers) etter landsbyen der østersproduksjonen starta.

I tillegg til østers vert det produsert 3 000 tonn muslingar årleg.

Bortsett frå fiske og skalldyrfiske, er hovudnæringa til området rundt Étang de Thau turisme, særleg i form av segleskular.

[endre] Dyreliv

Bassin de Thau inneheld fleire ville dyr, hovudsakleg fuglar (fiskehegre, flamingo) og sjødyr som manetar, fisk og alger.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Étang de Thau
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk