Évinos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Évinos
Εύηνος
Utspring Etoloakarnanía
Munning Pátrabukta
Lengd 92 km

Évinos (gresk Εύηνος), òg kalla Evenus eller Evenos, er ei elv i Etoloakarnanía i Hellas. Ho er 92 km lang og har sitt utspring i fjella nær grensa mellom prefektura Etoloakarnanía, Fthiótida, Evrytanía og Fokída i Vardoúsiafjella. Elva renn i dag gjennom Évinossjøen, som er eit reservoar på om lag 10 km² og som la ein landsby under vatn. Vidare renn ho gjennom ein skogkledd dal og så inn eit folkesett område, før ho munnar ut i Pátrabukta νær Kryonéri aust for elva Akhelóos og Mesolóngilagunen.

I mytologien[endre | endre wikiteksten]

Elva vart nemnd av Homer og var kjend i antikken. Kongen Evenos drukna i elva då han jaga etter Idas, som hadde teke dottera hans, prinsesse Marpessa. Kentauren Nessos bar reisande over Evenos på ryggen sin mot betaling. Då han bar Deianeira, kona til Herakles over elva, forgreip han seg på ho og Herakles skaut han. Dette er byrjinga på soga om Nessos si skjorte.

Stader nær elva[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]