Évreux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Évreux
Domkyrkja Saint-Thaurin
Domkyrkja Saint-Thaurin
Byvåpenet til Évreux
Byvåpenet til Évreux
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Haute-Normandie
Eure
Geografi
Flatevidd
 - By

26,45 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

51 198
  1 936/km²
Koordinatar 49°01′27″N 01°09′12″EKoordinatar: 49°01′27″N 01°09′12″E
Høgd over havet 92 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.evreux.fr

Évreux er ein by og kommune i Normandie i Frankrike. Han er òg préfecture (hovudstad) i departementet Eure.

Namnet på byen kjem frå den galliske stamma Eburovices. Byen ligg nær elva Iton, og innbyggjarane her vert kalla ébroïcienne(s) (kvinner) og ébroïciens (menn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første familien av grevar i Évreux var etterkomarar av sonen Rikard I, hertug av Normandie, fekk utanfor ekteskap. Mannslinja døydde derimot ut med grev William i 1118.

Visstnok skal eit spøkelse kalla «Gobelin» ha spøkt i Évreux på 1100-talet. Dette gav opphav til det moderne ordet «Goblin» [1]

Grevskapet gjekk vidare til Agnes, syster til William, og kona til Simon de Montfort-l'Amaury (d. 1087) og lordane av Montfort-l'Amaury. Amaury III av Montfort gav byen til kong Filip Augustus i 1200. Filip den rettvise gav i 1307 byen vidare til bror sin, Louis d'Évreux, og Filip den Lange gjorde grevskapet i Évreux om til adelskap av Frankrike i 1317.

Filip d'Évreux, son av Louis, vart konge av Navarre då han gifta seg med Jeanne, dotter av Louis den hissige. Sonen deira Karl den onde og bornebornet deira Karl den edle var òg kongar av Navarre. Sistnemnde gav grevskapet Évreux, Champagne og Brie til Kong Karl VI av Frankrike i 1404.

I 1427 vart grevskapet Évreux skjenka til Sir John Stuart av Darnley (c. 1365-1429) av Kong Karl VII. John Stuart var kommandør i den skotske livgarden til kongen, og i 1423 hadde han motteke storgodset Aubigny. I februar 1427/8 fekk han rett til å innkvarterte den kongelege hæren til Frankrike for sigeren deira over engelskmenna.

Då Stuart døydde gjekk grevskapet tilbake til krona. Byen vart igjen gjeve bort i perioden 1569-1584 som appanasje for Frans, Hertug av Anjou, og i 1651 vart han til slutt gjeve til Frédéric Maurice de La Tour d'Auvergne i byte for fyrstedømet Sedan.

Byen vart annektert av Frankrike då familien La Tour d'Auvergne døydde ut i 1802. Han vart kraftig øydelagd under den andre verdskrigen, og det meste av sentrum er bygd opp att.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Évreux