Évros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Évros er òg det greske namnet på elva Maritsa.
Periferieininga Évros
Περιφερειακή ενότητα Έβρου
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Aust-Makedonía og Thráki
Hovudstad Alexandroúpoli
Folketal 147 947 (2011[1]) Rangering 21.
Areal 4 242 km² Rangering 6.
Folketettleik 35/km²
Kommunar 5
Postnummer 68x xx
Retningsnummer 255x0
Bilnummer EB, OP
Heimeside www.evros.gr

Periferieininga Évros (gresk Περιφερειακή ενότητα Έβρου, Periferiakí enótita Évrou) er den nordlegaste periferieininga i Hellas og ligg i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Hovudstaden i periferieininga er Alexandroúpoli. Det ligg aust og nordaust i den greske delen av Thráki og grensar til Tyrkia ved elva Évros (Maritsa). Évros grensar til Bulgaria i nord og nordvest. Periferieininga Rodópi ligg i vest.

Namnet på periferieininga kjem frå elva Évros (Maritsa), som ser ut til å ha vore eit thrakisk hydronym.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Évros eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Évros Samothráki Samothráki 680 01 25510-4
Alexandroúpoli Alexandroúpoli 681 00 25510-2 til 7
Traianoúpoli 681 00 25310-4
Féres 685 00 25550-2
Souflí Souflí 684 00 25540-2
Orféas 680 04 25530-3
Tykheró 680 03 25540-4
Didymótikho Didymótikho 683 00 25530-2
Metaxádes 680 10 25530-3
Orestiáda Orestiáda 682 00 25520-2
Výssa 680 01 25520-7
Trígono 680 07 25560-3
Kyprínos 680 05 25560-2

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Alexandroúpoli Alexandroúpoli 57 812
Orestiáda Orestiáda 18 426
Didymótikho Didymótikho 9 263
Féres Alexandroúpoli 5 457
Souflí Souflí 3 837
Néa Výssa Orestiáda 2 805
Tykheró Souflí 2 311
Rízia Orestiáda 1 272
Lávara Souflí 1 093
Kamariótissa Samothráki 1 069
Kastaniés Orestiáda 1 059
Péplos Alexandroúpoli 998
Néos Pýrgos Orestiáda 943
Mákri Alexandroúpoli 924
Kyprínos Orestiáda 806

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Évros er ei av dei største periferieiningane i Hellas og den største i Thráki, ein av tre regionar i Nord-Hellas (dei to andre er Gresk Makedonia og Thessalía). Évros er om lag 150 km lang frå nord til sør, og 70-100 km brei og dekkjer 45 % av Thráki. Periferieininga inkluderer òg øya Samothráki.

Elva Évros følgjer det meste av grensa mot Tyrkia. Den største sideelva til Évros er Árdas, som kjem frå Bulgaria og renn gjennom den nordlege delen av periferieininga frå vest mot aust.

Rodopifjella ligg i vest og sørvest og åsane før fjell i sentrale og nordlege område. Ei slette og jordbruksområde ligg i dalen langs elva Évros i aust, medan Egearhavet ligg i sør.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Området har hovudsakleg middelhavsklima i sørlege og sentrale område. I nordlege og høgareliggande område er klimaet meir kontinentalt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart styrt av thrakarar fram til det vart annektert av Kongedømet Makedonia. Det makedonske styret varte fram til revolusjonen i rundt 310 fvt., då det vart ein del av Selevkidriket, som varte fram til om lag år 90 fvt. Det vart så ein del av Romarriket og provinsen Thrate fram til år 395, då det vart ein del av Austromarriket fram til 1400-talet. Gotarane invaderte området og kort tid etter vart det invadert av slavarar. Det vart så ein del av Det osmanske riket. Området klarte ikkje å lausrive seg frå tyrkarane under den greske sjølvstendekrigen. Det moderne prefekturet vart invadert av Bulgaria under balkankrigane og annektert av landet. Området vart først ein del av Hellas etter den første verdskrigen, i 1920. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 flykta mange grekarar til området frå tyrkiske område i Vesleasia. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen måtte store delar av prefekturet byggast opp att. Økonomien betra seg, men mange innbyggjarar flytta til større byar i Hellas og utanlands i åra som fylgde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]