Évvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Évvia
Lokalt namn Εύβοια
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 38°30′N 24°00′EKoordinatar: 38°30′N 24°00′E

Areal 3 660 km²

Høgaste punkt Dírfys (1 745 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferiening
Sentral-Hellas
Évvia
Største busetnad Khalkída (53 584[1] innb.)

Demografi
Folketal 220 000 (2005)
Folketettleik 60 /km²

Évvia (gresk Εύβοια), òg skrive Euboea og Euboia, er den nest største øya i Hellas og Egearhavet etter både folketal og areal. Tidlegare har øya òg vore kalla Negropont eller Negroponte. Ho har eit areal på 3 660 km² og er skild frå fastlandet av Nord-Évvia-bukta og Sør-Évvia-bukta. Øya er langstrakt og smal med ei lengd på 150 km og ei breidd som varierer frå 50 til 6 km. Ho strekkjer seg hovudsakleg frå nordvest til søraust og langs heile øya går ei fjellkjede, som dannar eit framhald av fjellkjeda som avgrensar Thessalía i aust, og held fram sørover til øyane Ándros, Tínos og Mýkonos.

Administrativt er Évvia hovuddelen av periferieninga Évvia i periferien Sentral-Hellas.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at Évvia opphavleg skal ha vore ein del av fastlandet, og at eit jordskjelv skilde områda frå kvarandre. I området rundt Khalkída, der sundet mellom Évvia og Thessalía på eit punkt berre er 40 meter breitt (sjå satellittbilete [1]), vert det kalla Évripossundet. Dei kraftige tidvasstraumane i dette sundet har vorte skrive om sidan antikken. Ei bru vart bygd over sundet i det 21. året av peloponnesarkrigen (410 fvt.). Namnet Évripos vart endra i løpet av mellomalderen til Evripo og Egripo, som etter kvart spreidde seg og vart namnet på heile øya. Seinare, då venetianarane okkuperte området, vart namnet endra til Negroponte, som refererte til brua som gjekk til fastlandet.

Som dei fleste andre greske øyane var Évvia opphavleg kjend under andre namn, som Makris og Dolikhe frå forma hennar og Ellopia og Abantis (Άβαντες) frå stammene som budde her.

Dei største fjella på øya er Dírfys (1 745 m), Pyxariá (1 341 m) i nordaust og Ókhi (1 394).

Buktene kring Évvia er frå nord og sørover Pagastikósbukta, Maliábukta, Nord-Évvia-bukta, Sør-Évvia-bukta og Petaliósbukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Historia om øya dreiar seg i hovudsak om dei to største byane, Khalkída og Erétria. Begge byane var joniske busetnadar frå Attikí og at dei var viktige ser ein på dei mange koloniane deira i Magna Graecia og på Sicilia, som Cumae, Rhegium og Náxos, og på kysten av Makedonia. Med dette opna dei nye handelsruter for Hellas og utvida området til den vestlege sivilisasjonen.

At dei var ein mektig handelsnasjon ser ein på at dei evviaiske vektene og måla vart nytta i Aten fram til Solon, og hos dei joniske byane generelt. Byane var rivalar og ser først ut til å ha vore like mektige. Eit av dei første sjøslaga i gresk historie fann stad mellom dei og det vert sagt at mange andre greske statar tok del i dette slaget.

I 490 fvt. vart Erétria nesten lagt i gru og innbyggjarane transportert til Persia. Han vart bygd opp att etter slaget ved Marathon like bortanfor der den opphavlege byen låg, men han fekk aldri tilbake stordomen han hadde hatt. Han var derimot framleis den andre byen på øya. Frå denne perioden var Khalkída overlegen, men leid av at Aten stadig fekk meir makt. I 506 fvt. tapte Khalkída eit slag mot Aten, som sende fire tusen attiske kolonistar til øya og såg ut til å få noko kontroll over øya.

Igjen, i 446 fvt., då Évvia prøvde å verte sjølvstendig, vart dei nok ein gong redusert av Perikles og fleire kolonistar vart sett i land ved Istiéa nord på øya, etter at innbyggjarane i denne byen hadde vorte drive bort. Atenarane gav dei korn og kveg, sikra handelen deira og gav dei garantiar mot sjørøveri. I 410 fvt. klarte likevel øya å få sitt sjølvstende. Etter dette tok dei sida til ein eller fleire av dei andre leiande statane fram til Slaget ved Khaeronea i 338 fvt.Filip II av Makedonia tok øya. Til slutt vart ho ein del av Romarriket.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Évvia sprang fram under hendingane etter det fjerde krosstoget. Etter latinarane delte opp Austromarriket vart ho delt i tre len som vart under Republikken Venezia sin suverenitet. 12. juli 1470 vart Khalkída teke frå Venezia av Mehmed II og heile øya vart ein del av Det osmanske riket. Etter den greske sjølvstendekrigen, i 1830, vart øya ein del av Hellas.

Évvia har to bruer til fastlandet. Den eine går gjennom Khalkída til Thíva, og den andre går sør for Khalkída mot Aten.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Det vert drive gruvedrift etter magnesitt i Mantoúdi og Límni, brunkol i Aliverí og jern og nikkel i Dírfys. Marmor vert greve ut 3 km nord for Erétria og asbest nordaust for Kárystos i Ókhifjella.

Av tre finn ein mykje kastanje her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]