Ílio
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ílio | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Periferi Periferieining |
Attikí Vest-Aten |
|
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
9,25 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
80 859 8 742/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 150 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 131 xx, 133 xx | |
| Telefon-retningsnummer | 210 | |
| Bilnummer | IB | |
| Heimeside: www.ilion.gr | ||
Ílio (gresk Ίλιο, katharevousa Ίλιον, i antikken Ilium), tidlegare kalla Nea Liosia eller Nea Liossia, er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår frå 2011 i periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.
Fjellet Egáleo ligg i vest. Ílio ligg òg søraust for Elevsína, sør for Attikí Odós og nord for Pireus.
Ílio bestod tidlegare hovudsakleg av jordbruksområde, men urbanisering mellom 1950- og 1990-åra har ført til at desse områda stort sett er borte. Berre nær Egáleo finn ein meir steinete og berre landskap. Det vart drive gruvedrift i dei vestlege områda frå 1960-åra og fram til slutten av 1900-talet.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ilio, Greece frå Engelsk Wikipedia .