Ímia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ímia (Hellas)
Ímia
Plasseringa til Ímia

Ímia (gresk Ίμια, tyrkisk Kardak) er to småøyar i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Øyane ligg like utafor sørvestkysten av Tyrkia, 7 km vest for provinsen Muğla, 10 km aust for øya Kálymnos og 5 km søraust for øya Kalólimnos. Det totale arealet deira er om lag 1 hektar. Øyane vert óg kalla Limnia på gresk, İkizce på tyrkisk eller Heipethes på nokre kart tidleg på 1900-talet. [1]

[endre] Ímia/Kardak-krisa

Ímia var temaet i ei militærkrise og ein krangel om suverenitet mellom Hellas og Tyrkia i 1996. Denne striden er del av ein større i Egearhavet, som óg omhandlar kontinentalsokkelen, territorialfarvatn, luftrom, flygeinformasjonregionar (FIR) og demilitarisering av dei egeiske øyane. Etter Ímia/Kardak-krisa vart striden óg utvida då Tyrkia la krav på fleire småøyar i Egearhavet. Desse øyane, nokre av dei busette, vert udiskutabelt rekna som greske av Hellas, medan Tyrkia ser på dei som gråsoner der suvereniteten ikkje er avklart.

[endre] Kjelder

  1. Yüksel İnan, Sertaç Başeren (1997): Status of Kardak Rocks. Kardak Kayalıklarının statüsü. Ankara. (ISBN 975-96281-0-4).


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou

Koordinatar: 37°03′03″N 27°09′04″E

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk