Íos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Íos
Lokalt namn: Ίος
Khóra på Íos
Khóra på Íos
Geografi
2011 Dimos Iiton.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°43′N 25°20′EKoordinatar: 36°43′N 25°20′E
Øygruppe Kykladane
Areal 109 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Thíra
Demografi
Folketal 1 838 (2001)
Folketettleik 17 /km²

Íos (gresk Ίος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Íos er ei åslendt med høge klipper langs nesten heile kysten. Ho ligg om lag midt mellom Náxos og Santoríni. Ho er om lag 18 km lang og 10 km brei med eit areal på 109 km². I 2001 hadde øya 1 838 innbyggjarar.

Íos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Innhaldsliste

Byen Khóra [endre]

Hamna på Íos ligg ved Órmos i nordvest. Frå her går det buss eller ein 15 minuttar lang gåtur opp til landsbyen, som vert kalla Khóra. Han består av kvite og svært vakre kykladiske hus, med mange trapper og smale gater. I dag er hovudgata i landsbyen fullstendig basert på turisme med restaurantar, butikkar, barar og diskotek. Bortsett frå hamna og landsbyen Khóra har Íos berre eit par små busetnadar, hovudsakleg eit par spreidde hus i nærleiken av dei store strendene (Psáthi, Ajía Theodóti, Mylopótas, Manganári).

Historie [endre]

Íos har ikkje sett så mange spor etter seg i historia. I følgje dei antikke segnene var mor til Homer frå Íos, og han sjølv skal visstnok vere gravlagd her. På øya kan ein sjå den antikke byen Plakotos heilt nord på øya, der ein kan sjå inngangen til ei grav der Homer visstnok ligg. Nord på Íos kan ein òg sjå ruinane etter ei venetiansk borg frå 1400-talet. Øya skal visstnok ha like mange kyrkjer og kapell som dagar i året, 365.

Strender [endre]

Íos trekk til seg store mengder unge turistar. På 1970-talet brukte mange av dei å sove i sovepose på stranda eller Mylopótasetter å ha festa heile natta. I dag har Mylopótas utvikla seg til ein feriestad for pakketuristar.

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelde [endre]


Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi