Íti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Íti Οίτη |
|
|---|---|
| Høgd over havet | 2 158 moh |
| Ligg i/på | Sentral-Hellas i Hellas |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Íti (gresk Οίτη) er eit fjell sør i Sentral-Hellas i Hellas mellom dalane til elvane Sperkhiós og Kifisós. Ho er ei sidegrein av Píndoskjeda og er 2 158 meter høgt. Den austlege delen, kalla Kallídromo, ligg nær havet, og i antikken var det berre den smale passasjen ved Thermopylae (dagens Thermopýles) mellom fjellet og havet.
I mytologien var Íti staden der Herakles døydde. Han var klar for å døy og steig opp mot Íti, der han bygde ein gravhaug av tre og gav bogen og pilene sine til Poeas, far til Filoktetes. Han la seg ned på haugen, kvilte hovudet på klubba si og la løveskinnet sitt over seg før han kommanderte Filoktetes til å sette fyr på bålet.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mount Oeta frå Engelsk Wikipedia .