Île Saint-Louis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørenden av Île Saint-Louis, sett frå Pont de la Tournelle.

Île Saint-Louis er ein av to øyar i Seinen i Paris, Frankrike. Øya er kalla opp etter Kong Louis IX av Frankrike (St. Louis).

Øya er forbunde med resten av Paris med bruer på begge sider av elva, og av Pont Saint Louis til Île de la Cité. Øya er eit reint bustadområde, og vart tidlegare brukt som beitemark for kveg som skulle til markedet, og til lagring av ved. Under Henri IV og Louis XIII1600-talet vart øya kartlagd og utbygd frå ende til ende, og var ein av Frankrike sine første døme på byregulering. Øya er ein fredfull oase i midten av Paris, og har berre smale einvegsgater, ingen metrostasjonar og to busstopp.

Bruer forbunde til øya[endre | endre wikiteksten]

  • Pont Saint-Louis frå Île de la Cité;
  • Pont de la Tournelle frå Rive Gauche;
  • Pont Louis-Philippe frå Rive Droite;
  • Pont Marie frå Rive Droite;
  • Pont Sully frå Rive Droite og Rive Gauche.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Île Saint-Louis