Île aux Cygnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Île aux Cygnes frå toppen av Eiffeltårnet.
Ein kopi av Fridomsgudinna på Île aux Cygnes.

Île aux Cygnes (Svaneøya) er ei lita øy i Seinen i Paris i Frankrike. Øya er kunstig, og vart bygd i 1827 for å verne hamna Grenelle. Øya må ikkje forvekslast med den tidlegare Île aux Cygnes, som ho har fått namn frå. Den tidlegare øya var forbunde med Champ de Mars på slutten av 1700-talet.

Den smale øya er 850 meter lang og 11 meter på det breiaste. Ein gangveg, kalla l'allée des Cygnes går langs heile øya.

Metrostasjonen Passy ligg under øya. Ho er kryssa av tre bruer: Pont de Grenelle, Pont Rouelle og Pont de Bir-Hakeim.

Den mest kjende attraksjonen på øya er ein mindre kopi av Fridomsgudinna, som står «ansikt til ansikt» med den større utgåva i New York City. Denne staturen vart reist 15. november 1889 (tre år etter New York-utgåva), og vart gjeve av USA i samband med hundreårsmarkeringa av Den franske revolusjonen. Ho stod opphavleg mot aust og Eiffeltårnet, men vart snudd mot vest i 1937 for verdsustillinga i Paris det året.