Ólafur Örn Bjarnason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olafur Örn Bjarnason
Personleg informasjon
Namn Olafur Örn Bjarnason
Fødselsdato 15. mai 1975
Fødestad Grindavík i Island
Høgd 188 cm
Kallenamn 'Örn 1'
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Spelar for Grindavík
Draktnummer 18
Ungdomsklubb
1994 Island sitt flagg Grindavík
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995-1997
1998-2000
2001-2003
2004-10
2010-
Island sitt flagg Grindavík
Sverige Malmö FF
Island sitt flagg Grindavík
Noreg SK Brann
Island sitt flagg Grindavík
51 (2)
22 (2)
54 (10)
151 (11)
0 (0)
Landslag**
1996
1998-2007
Island sitt flagg Island U21
Island sitt flagg Island
4 (1)
28 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 3. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 9. juni 2007.

Ólafur Örn Bjarnason, (fødd 16. mai 1975), er ein islandsk fotballspelar som sidan 2010 har spelt for Grindavík. Frå 2004 til 2010 spelte han for Brann, som midtstoppar.

Bjarnason sin karriere starta i den islandske klubben Grindavik, der han debuterte i 1995. I 1998 gjekk turen til den svenske klubben Malmö FF. Der blei han tidvis flytta opp på midtbanen med vekslande hell. Difor reiste han attende til Grindavik i 2000, der han for alvor begynte å markera seg som ein god midtstoppar.

Då han blei klar for Brann hausten 2003 hadde han òg etablert seg på det islandske landslaget. Han var òg aktuell for den engelske klubben Stoke City, men valde Brann. Han hadde ei god innleiing på karrieren i Brann, og spelte alle seriekampane i 2004-sesongen.

I 2005 fekk han kritikk for ikkje å ha vore like stødig i forsvarsspelet, og på seinsommaren pådrog han seg òg ein skade som gjorde at han mista resten av sesongen for Brann.

I 2006 har Bjarnasson forsvart plassen sin i Brann sitt midtforsvar. Saman med landsmannen Kristján Örn Sigurðsson har han vore førsteval heile sesongen igjennom. Bjarnason signerte ny kontrakt med SK Brann sommaren 2006. Han er no kontraktbunden til klubben ut sesongen 2007.

Bjarnason blir rekna som ein stor og sterk midstoppar som er flink til å tima hovudduellar.