Óscar Arias Sánchez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Óscar Arias Sánchez

Óscar Rafael de Jesús Arias Sánchez (fødd 13. september 1940) er ein kostarikansk politikar som representerer Partido Liberación Nacional (PLN). Han var president i Costa Rica frå 1986 til 1990, og vart i 2006 attvald til denne stillinga, som han hadde fram til 2010. I 1987 fekk han Nobels fredspris for innsatsen sin for å få slutt på borgarkrigane som herja i fleire land i Sentral-Amerika på den tida.