Ödön Földessy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ödön Földessy


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 1. juli 1929
Békés
Død

9. juni 2020 (90 år)
Budapest

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Ödön Földessy (1. juli 19299. juni 2020) var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Békés som vart europameister i lengdehopp i 1954.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsingfors sigra USA-amerikanaren Jerome Biffle i lengdetevlinga med 7,57 meter, framom landsmannen Meredith Gourdine med 7,53 meter. Som beste europear vann Ödön Földessy bronsemedaljen med 7,30 meter. Året etter forbetra Földessy den ungarske rekorden til 7,76 meter.

Ved europameisterskapen 1954 i Bern vann Földessy gullmedaljen etter eit hopp på 7,51 meter, Zbigniew Iwański frå Polen tok sølv med 7,46 meter.

I Melbourne rauk Földessy ut av OL-tevlinga 1956 allereie i kvalifiseringa med 6,96 mete. Under europameisterskapen 1958 i Stockholm vart han nummer ti med eit lengstehopp på 7,20 meter.

Földessy vart frå 1950 til 1959 årleg ungarsk meister i lengdehopp, med unnatak for 1956.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]