Öland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Öland
øy
Kart over Öland
Land  Sverige
Len Kalmar län
Kommune Borgholm kommun, Mörbylånga kommun
Byar Färjestaden
Stad Austersjøen
 - koordinatar 56°44′0″N 16°40′0″E
Høgaste punkt Högsrum
 - høgd 55 moh.
Lengd 137 km
Breidd 16 km
Areal 1 342 km²
Folketal 24 640  (2009[1])
Kart
Öland
56°43′0″ N 16°40′0″ E
Wikimedia Commons: Öland

Öland er ei øy og eit landskap i Kalmar län i Søraust-Sverige. Det er det minste av dei svenske landskapa, og den nest største øya i Sverige. Ho ligg i Austersjøen like austom byen Kalmar, skilt frå fastlandet ved eit smalt sund. Öland grensar til Småland som ligg på den andre sida av Kalmarsund, vest for Öland. Öland er 137 km lang og 16 km brei.

Geografi og landformer[endre | endre wikiteksten]

Öland er delt i to kommunar: Borgholm og Mörbylånga. Den sørlege Mörbylånga kommun blir dominert av eit prærie-aktig område kalla Stora alvaret. Området grensar mot vest til det eldgamle kulturlandskapet på Södra Öland, og dei to høvesvis udyrka og dyrka områda står samla på UNESCO si verdsarvsliste. Alvaret er eit skoglaust område på kalksteinsgrunn som har ein austleg, asiatisk flora lik han ein finn på andre sida av Austersjøen. Ei rekkje plantearter har Öland som sit einaste nordiske biotopen. Høgaste punkta er Högsrum, 55 moh

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne neolittiske steinaldarbuplassar på øya, særleg på Alby. Öland har ei uvanleg rik historie, og var sidan bronsealderen eit svært viktig kulturområde for Austersjøen. I likskap med Gotland hadde Öland særs fruktbar jord avsett av isbreen etter den siste istida, og det voks fram eit rikt jordbruk med tidlege høvdingdøme på begge øyane. Eketorp borg i sør er eit minne om ein type bygdeborg frå sein bronsealder som i jernalderen vart eit befesta høvdingesete, og vart verande busett med mellomrom heilt til mellomalderen. I nord ligg Köpingsvik som var ein viktig handelsplass frå 700-talet og hadde stordomtida si i vikingtida.

Dei vestvendte stadane på øya låg strategisk i farleia gjennom Kalmarsund, og det vart tidleg bygd festningar langs sundet. Borgholms slott er eit seinmellomaldersk anlegg som brann ned i 1806 og ikkje seinare vart gjenoppbygt. Heilt sør ved Ottenby hadde det svenske kongehusa jaktmarker sidan Karl X Gustav, og her vart eit av dei tidlege fyrtårna i Sverige reist. Fyrtårnet, kalla Långe Jan, er i tillegg det høgaste fyrtårnet i Sverige med sine 41,6 meter, nesten ti meter høgare enn Långe Erik, fyrtårnet på nordspissen av øya.

Byar og økonomi[endre | endre wikiteksten]

Trass ei rik landbrukshistorie voks det aldri fram særleg store byar på Öland. Dei fremste byane på Öland er Borgholm, Färjestaden, Kastlösa, Köpingsvik og Mörbylånga. Av mindre tettstader kan nemnast Algutsrum, Arontorp, Björkviken, Degerhamn, Grönhögen, Gårdby, Löttorp, Norra Möckleby, Rälla, Skogsby og Vickleby.

Fiske, landbruk, turisme og kalksteinsgruver er dei viktigaste inntektskjeldene. Färjestaden på vestkysten var lenge ferjeleie til fastlandet, men då Ölandsbrua vart bygt i 1973 knytte ho øya med berre få minutts køyretid til fastlandet. Brua er 6072 meter lang og med brua oppstod ein endå sterkare turisme på Öland, og mange tilsette i Kalmar fekk eit nytt, landleg alternativt buområde og førte sterk vekst til Mörbylånga kommun på Öland-sidan.

Ölands kommunalförbund er eit interkommunalt samarbeidsorgan mellom dei tre kommunane på øya. Sentrale samarbeidsområde er innan turisme, næringsliv, planarbeid og redningsteneste.

Heraldikk[endre | endre wikiteksten]

Det første våpenet til Öland vart godkjent alt i 1560 men det kom til å ta fleire hundre år før det rette våpenet vart fastlagt, noko som ikkje skjedde før 1944. Våpenet til Öland og Åland hadde vorte blanda saman, noko som ikkje vart oppdaga før 1900-talet. Etter oppdaging vart det korrigert slik at våpenet til Öland vart tilpassa, medan Åland fekk halde sitt uendra. I løpet av åra hadde Åland vorte eit finsk fylke.

Våpenet blir krona med ei hertugkrone, medan hjorten symboliserer statusen til Öland som kongeleg viltpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]