Öræfajökull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Öræfajökull
Hvannadalshnúkur, den høgaste toppen på Öræfajökull
Hvannadalshnúkur, den høgaste toppen på Öræfajökull
Høgd over havet 2 109 moh
Ligg i/på Island sitt flagg Island
Fjellkjede Den midtatlantiske ryggen
Primærfaktor 2 109 m
Koordinatar 64°00′N 16°39′WKoordinatar: 64°00′N 16°39′W
Fjelltype Stratovulkan
Bergartar frå 1727

Öræfajökull (islandsk uttale øraiva-jøkudl) er ein isdekt vulkan søraust på Island. Han er den største aktive vulkanen i landet og mot nordvest av fjellet ligg Hvannadalshnúkur, den høgaste toppen på Island. Geografisk er Öræfajökull ein del av isbreen Vatnajökull og området som er dekt av breen ligg innanfor Skaftafell nasjonalpark.

Öræfajökull har hatt to utbrot i historisk tid. I 1362 hadde vulkanen eit eksplosivt utbrot der store mengder med tefra vart kasta ut. Området Litla-Hérað vart øydelagd av flaum og tefranedfall. Meir enn 40 år gjekk før folk igjen slo seg ned i området som vart kalla Öræfi. Namnet tyder bokstavleg talt eit område utan hamn, men har fått ei tyding som audemark på islandsk. Vulkanen hadde eit mindre utbrot i august 1727, flaum i samband med utbrotet skal ha tatt tre menneskeliv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]