Örebro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Örebro er ein by i landskapet Närke i Sverige. Han er centralort i Örebro kommun og residensstad i Örebro län og den sjette største byen i landet etter innbyggjartal.[1]

E18 frå Oslo og E20 frå Göteborg møtest i Örebro og går vidare som motorveg, Västerleden, til Stockholm. Örebro universitet ligg i byen. Örebro SK har eit fotballag i den øvste divisjonen for menn, og rykte ned frå den øvste divisjonen i bandy for menn, medan KIF Örebro spelar i den øvste divisjonen for kvinner.

Örebro var i første halvdelen av 1900-talet kjent som «skostaden», ettersom det låg mange skofabrikkar der. Desse er no lagde ned. Framleis er Örebro til viss grad ein industriby, sjølv om byen på den seinare delen av 1900-talet meir og meir har blitt meir prega av service- og tenestverksemd og utdanning. Store arbeidsgjevarar idag er Örebro universitet og Universitetssjukhuset i Örebro. Byen var tidlegare garnisonsby, men denne aktiviteten er no borte.

[endre] Kjelder

  1. Statistiska Centralbyrån - Tätorter 2005
Spire Denne Geografiartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk