Ösmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°59′3.6420″N 17°53′50.694″E

Ösmo kyrkje

Ösmo er ein svensk tettstad i Nynäshamns kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I år 2005 hadde tettstaden 3 652 innbyggjarar. Ösmo ligg cirka ti kilometer nordvest for Nynäshamn.

I Ösmo finst det servicetilbod i form av skular, barnehagar, bibliotek, symjehall, idrettsplassar og eit senter med butikkar, restaurantar og bank. Innbyggjarane i Ösmo er overvegande pendlarar, og arbeider hovudsakleg i Nynäshamn, Södertälje og Stockholm.

Det blei tidleg etablert busetnader på Ösmo, det finst mellom anna leivningar frå steinalderen, helleristingar og eit titals runesteinar. Ösmo vert omtalt i skriftlege dokument alt i 1281, då under namnet Øzmo.

Fram til 1974 var Ösmo administrasjonssenter i den tidlegare Ösmo kommune. I 1974 oppretta ein Nynäshamns kommun ved å slå saman Ösmo kommune, Sorunda kommune og byen Nynäshamn.

Ösmo har ein stasjon på Stockholms pendeltognett. Han ligg på enkeltsporlinjen Västerhaninge-Nynäshamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]