Österland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei tradisjonelle «landa» i Sverige. (Ulike ekspansjonssteg er skuggemarkerte. Grensene er frå år 1700.)
Våpenet til det historiske landskapet Satakunda i Österland.

Österland eller Österlanden er ei eldre nemning på det noverande sørlege Finland, og var tidlegare ein svensk landsdel. I nord grensa området mot det tynt befolka Norrland.

Namnet «Österland» kom gradvis til å gå ut av bruk alt under Kalmarunionen,[1] og har i lang tid på det næraste vore ukjent for den breiare allmenta. I 1909-utgåva av Nordisk Familjebok blir termen definert slik: «Österland var den i Sverige under medeltiden vanliga benämningen på största delen af hvad vi kalla Finland, måhända med undantag af den nordligaste delen, som länge innefattades under det allmänna namnet Norrbotten (Styffe). Finland var deremot det officiella namnet på endast den sydöstra delen, eller, såsom den också hette, Åbo län.»

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Følgjande seks landskap utgjorde Österland:

Egentliga Finland Egentliga Finland

Karelen Karelen

Nyland Nyland

Satakunda Satakunda

Savolax Savolax

Tavastland Tavastland

Historie[endre | endre wikiteksten]

1200-talet kom dei svenske kongane til å krevja overhøgheit over det området som tilsvarar dagens Sør-Finland og la det det under kyrkjeleg styre i det svenska kongedømmet. Detaljane frå denne prosessen er ikkje kjende: den tradisjonelle historieskrivingas om tre «krosstog» er blitt forkasta av moderne forsking. Innlemminga skjedde på den tida då Sverige vart samla under ein konge eller noko seinare, og Österland vart sett på som ein konstituerande del av det svenske kongedømmet, trass i at dei røysteføre i landsdelen ikkje deltok i valet av svenske kongar før den 15. februar 1362, der Håkan Magnusson vart vald som medregent til far sin .

Mange svenskar flytta til dei vestre og sørvestre delane av Österland på 1200-talet. Det finst ingen klare arkeologiske eller toponymiske prov på at gammalsvensk skulle ha blitt talt utanfor dei ålandske øyane i dagens Finland.

Finland vart utropt til eit storfyrstedøme av kong Johan III av Sverige i 1581. Som prins (1556) var han blitt gjeven ein del av området som eit hertugdøme ved sidan av dei hertugdøma som var styrt av brørne hans. Hertugdøma var blitt skapt av Gustav Vasa for sønene hans, men hadde ingen varig praktisk verknad. Storfyrstedømet kom likevel til å stå seg som term i over to hundreår.

Finland vart ein del av det svenske riket fram til Finskekrigen (180809), då riksdelen vart avgitt til Russland, og kom så til å utgjere det autonome storfyrstedømet Finland. I tidlegare finsk historieskriving har ein nytta det misvisande omgrepet Sverige-Finland i omtale av tida før 1809.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Suomen historian pikkujättiläinen; 2003; päätoim. Seppo Zetterberg; s. 130.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]