Östersund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Östersund er ein tettstad og by i Jämtland. Östersund er residensstad for Jämtlands län og centralort for Östersunds kommun (tidlegare for Östersunds stad). Byen ligg ved Storsjön og er den einaste byen i Storsjöbygden og Jämtland. Östersund er den 24. største tettstaden i sverige med 43 621 innbyggjarar (2006).[1]

Östersund er den einaste byen innanfor dei noverande grensene til Sverige som vart grunnlagt på 1700-talet. Byen vart grunnlagd først og fremst for å kontrollere handelen i Jämtland, der innbyggjarane dreiv ein omfattande og særs lønsam handel som irriterte den svenske staten. Intensjonane til statsmakta var å kanalisere handelen til byen. Dette vart likevel ikkje tatt godt imot av folkesetnaden, noko som leidde til at Östersund lenge vart verande ein liten by, faktisk mindre enn Frösön. Ein må heilt fram til den seinare delen av 1800-talet før Östersund vert ein verkeleg by, eigentleg først etter at jarnvegen kom i år 1879.

Östersund ligg sentralt i Sverige, midt i Jämtlands län og midt i Östersunds kommun. Geografisk sett er Östersund den mest sentrale byen i Sverige, og tek gjerne æra som det geografiske midtpunktet i Sverige.[2] Stadnamnet kjem frå det smale sundet som skil Frösön frå fastlandet, Östersundet, opphavleg Östra sundet, som i dag er så smalt som 150 meter enkelte stader.

Byen blir marknadsført av kommunen og næringslivet som Vinterstaden.[3] Vintersport har lange tradisjonar i byen og Östersund har gjennom åra arrangert fleire verdsmeisterskap i vintersport som skiskyting, skiorientering og skeiser samt svenske meisterskap i langrenn og scootercross. I Östersund finst til-og-med Nationellt vintersportcentrum og byen har søkt om å få arrangere dei olympiske vinterleikane fleire gongar, men har aldri fått tilslaget. Forgjengaren til Vinter-OL, dei nordiske leikane, vart derimot stundom haldne i Östersund på grunn av snømangel i Stockholm på starten av 1900-talet.[4]

I 2011 vart Östersund utpeikt til årets matlandshuvudstad av landsbygdminister Eskil Erlandsson.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistik från Östersunds kommun
  2. «Familjen Medelsvensson» (PDF). SCB. http://www.scb.se/statistik/OV/OV0904/2007A01/medelsvensson.pdf. Henta 2 mars 2008. 
  3. «Vinterstaden». http://www.vinterstaden.com/. Henta 2 mars 2008. 
  4. «Vinter-OS genom tiderna». Riksidrottsmuseet. http://www.riksidrottsmuseet.se/pa-museet/utstallningar/tidigare-utstallningar/vinter-os-genom-tiderna/. Henta 9 maj 2008. 
  5. http://www.sweden.gov.se/sb/d/12806/a/149297