Överkalix

Koordinatar: 66°19′31.354″N 22°50′13.715″E / 66.32537611°N 22.83714306°E / 66.32537611; 22.83714306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°19′31.354″N 22°50′13.715″E / 66.32537611°N 22.83714306°E / 66.32537611; 22.83714306 Överkalix (finsk Ylikainuu eller Kainus) er ein svensk tettstad som ligg i Norrbottens län, og i landskapet Norrbotten. Det er Överkalix kommuns administrasjonssenter og i år 2005 hadde tettstaden 946 innbyggjarar.

Överkalix kommune ligg ved Kalixälven, ca 100 kilometer nordaust for Luleå, og ca 55 kilometer nord for E4 langs E10 opp mot Gällivare og Kiruna. Nordfrå kjem Kalixälven og gjer ein Z-sving forbi tettstaden, der òg Ängesån munnar ut i elva. Like søraust for tettstaden Bränna ligg dei to sjøane Grundträsk og Djupträsk, den siste strekkjer seg knappe 10 kilometer sørover. Vest for elva ligg det 260 meter høge Lappberget, der ein frå toppen har milevid utsikt i alle retningar.

Kommunesenteret, der kyrkje, kommuneadministrasjon og skular ligg, blir kalla Bränna. Grelsbyn, som ligg ca. ein kilometer sør for Bränna, og dessutan Brännaberget, ca 500 meter søraust for Bränna, og Tallvik, som ligg på den andre sidan av elva, ca. ein kilometer nord for Bränna, reknast òg med til tettstaden.

Kalixälven med det klåre vatnet sitt og fast sandbotn byr på mange gode badehøve frå midten av juli til midten av august, mange gonger med vasstemperatur over 20 grader C. Elva er difor godt vitja i sommarmånedane av såvel lokalfolkesetnaden som tilreisande, og av desse kjem mange frå Nord-Noreg. Överkalix har òg ein campingplass i nærleiken av elva, som er mykje vitja av turistar om sommaren, dei fleste frå Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1644 vart Överkalix eit eige sokn, men området har ei historie som strekkjer seg til omkring år 4000 f.kr

Den lokale dialekten blir kalla Överkalixbondska, og blir oppfatta som vanskeleg å forstå for ikkje-innfødde, men desto meir interessant for språkvitskapen. Fleire doktoravhandlingar er skrivne om dialekten, t.d. av Carin Pihl alt på 1920-talet.

Brännaberget ligg like sør for tettstaden, og er ein festplass og eit utsiktspunkt. I 2002 var festplassen 50 år, og då vart anlegget modernisert.

I kommunen finst ein steinalderbuplass der ein har funne den austlege keramikktypen kamkeramik. Staden heiter Lillberget og ligg nord for staden Gyljen, ca 15 kilometer nord for Bränna. I Gyljen fanst eit jernverk og seinare eit større sagbruk på 1800-talet.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet er dominert av ein bedrift som lager kundetilpassa sandwichelement, IT-verksemd, samt offentleg sektor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]