Öxabäck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°23′41.456″N 12°48′12.726″E Öxabäck er ein svensk tettstad i Marks kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 336 innbyggjarar.

Staden har ein liten daglegvarebutikk. Næraste handlesenter er i Kinna (ca. 17 km frå Öxabäck).

Öxabäck har hatt eit særs fremgangsrikt damelag i fotball, Öxabäck IF. Dei blei svenske meistrar heile seks gonger mellom 1973 og 1988, noko berre Jitex BK og Umeå IK har greid å tangere. Den siste tittelen vann laget i 1988. Etter 1999 blei damelaget nedlagt. Det blei òg seks svenske cupmeisterskap i åra mellom 1985 og 1991. Det einaste finaletapet i desse åra var i 1990 mot Malmö FF.

Öxabäck/Mark IF var innebandylaget til byen fram til 1999, då laget blei slått saman med Örby IF og Berghem IF, og danna Team Tygriket 99.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]