Ø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å


Ø er den tjueåttande bokstaven i det norske alfabetet, eit tillegg til det latinske alfabetet. Bokstaven blir òg brukt på dansk og færøysk.

Bokstaven oppstod som ei samanskriving av diftongen oe der midstreken på E blei skriven tvers over O-en. I dag er Ø ein eigen monoftong, uttala som [ø] (IPA) på alle språka som bruker han. Ө er ein tilsvarande bokstav i det kyrilliske alfabetet, medan Ö blir brukt av fleire andre språk for same lyd.

På dansk og gammaldags norsk kan ø vera eit ord som tyder øy. Ein finn denne tydinga i norske øynamn som Hankø og Vækerø, og i dei fleste danske øynamna, til dømes Læsø, Samsø og Hans Ø.

I mengdelære tyder Ø den tomme mengda.