Øivind Eckhoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øivind Eckhoff
Fødd13. januar 1916
FødestadChristiania
Død21. januar 2001 (85 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka sommusikar, musikkforskar, pianist
FarLorentz Eckhoff
Sambuar medArne Heli

Øivind Eckhoff (13. januar 191621. januar 2001) var ein norsk pianist og musikkforskar frå Oslo. Eckhoff var amanuensis i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo 1965–83 og kjent som ein dyktig musikkpedagog. I 1957 gav han ut Noregs fyrste vitskaplege bok om homoseksualitet.

Han byrja å spele piano som sjuåring. Klaverdebut heldt han i Oslo 30. november 1945, og han tok musikkpedagogisk eksamen ved Musikkonservatoriet i København i 1953. Frå 1942 til 1960 var han knytt til Riefling Klaverinstitutt som klaverpedagog, og opptredde fleire gonger i NRK radio som pianist.

Øivind Eckhoff sette også spor etter seg i kampen for homofil frigjering. Han var med heilt frå starten av Det Norske Forbundet av 1948, og sat ei tid i styret. Men hans store pionerinnsats på området kom i 1957 med den omfattande opplysningsboka Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet – eit 342 siders forsøk på å forklare årsakene til homoseksualitet, samt å klarleggje homoseksuelles vanskelege situasjon og naturlege plass i samfunnet. Boka blei utgitt under pseudonymet «Finn Grodal». Ikkje berre er Vi som føler annerledes Noregs første vitskaplege bok om homoseksualitet, men ho er framleis ei av få norske fagbøker som er skrive om emnet. Med denne boka blei også nemningane homofil/i og heterofil/i innført i norsk presse- og samfunnsdebatt.

Skriftlege verk[endre | endre wikiteksten]

  • Johan Svendsens Symfoni nr 1 i D-dur. Et tidlig vitnesbyrd om vesentlige trekk ved hans egenart som komponist, mag.avh. UiO, 1965
  • Sang fra bladet. Elementærkurs i hørelære med grunndrag av musikklæren, 1959
  • «The enigma of 'Haydn's opus 3'», i Studia musicologica Norvegica, nr. 4, 1978
  • Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet (under pseud. Finn Grodal), 1957

Musikkomposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Kadenser til Mozarts klaverkonsert i d-moll, 1947
  • Alvor – 6 klaverstykker, 1997
  • Kraft og fred – 7 klaverstykker, 1997

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]