Økologisk suksesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein dam kan gro igjen, og bli til ei myr.

Økologisk suksesjon er endringar som skjer i eit økosystem og eit organismesamfunn over lenger tid. Suksesjonen fører til varige endringar i landskapet. Til dømes kan ein barskog bli hogd ned og vekse opp igjen (ein utanforståande faktor utløysar suksesjonen), eller ein dam kan gro igjen og bli til ei myr (organismane driv suksesjonen sjølv).