Økshammaren fyrstasjon

Koordinatar: 59°59′15″N 5°13′30″E / 59.98750°N 5.22500°E / 59.98750; 5.22500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øksehamaren fyr)
Økshammaren fyrstasjon

Økshammaren fyrstasjon
Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren
FylkeVestland
KommuneAustevoll
FunksjonLeifyr, tidlegare fiskefyr
Oppretta1849
Koordinatar59°59′15″N 5°13′30″E / 59.98750°N 5.22500°E / 59.98750; 5.22500
Fyrtårn
FormFyrbygning med løkt i gavlen
ByggjematerialeTre
Status
EigarPrivat
Nedlagt1918
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Økshammaren fyrstasjon
59°59′15″N 5°13′30″E / 59.9875°N 5.225°E / 59.9875; 5.225

Økshammaren fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Selbjørn i Austevoll kommune i Vestland.

Økshammaren fyrstasjon is located in Hordaland
Plasseringa til Økshammaren fyrstasjon

Fyret vart først oppretta som eit fiskefyr som berre vart nytta under det rike sildefisket. Fyrbygningen i tre er frå 1861 med eit lyktehus frå 1875 i gavlen. Dette er lafta og bordkledd. Fyret vart lagt ned i 1918 og erstatta av ei fyrlykt like ved. Den opphavlege fyrlykta manglar i dag optikk.

I tillegg til fyrbygningen finn ein uthus og veg til landingen. Landskapet er kupert med mange røyser, steingardar og grassflekkar som framleis vert nytta som beitemark. Området like ved er føreslått verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Som ein godt bevart representant for fiskefyra er Øksehamarane freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Økshammaren fyrstasjon