Økumenikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Russisk ikon frå 1600-talet av det sjuande økumeniske konsilet.
Økumenisk gudsteneste i Osnabrück under kyrkjefestivalen Katholikentag.

Økumenikk (frå gresk oikoumene, 'den busette verda') er eit omgrep som dekkjer både arbeid for auka forståing og samarbeid mellom forskjellige kristne kyrkjer, og det teologiske studiet av forholdet mellom kyrkjene. Det vert òg til tider nytta om samarbeid mellom ulike religionar, men dette vert eigentleg kalla interreligiøsitet.

Splittinga mellom dei forskjellige delane av den kristne kyrkja går tilbake til oldkyrkjeleg tid, men det var med det store skismaet i 1054 at det verkeleg kom eit skarpt skilje mellom dei to store delane av kyrkja; tidlegare splittingar hadde vore meir avgrensa, men no vart kristeneininga delt mellom aust og vest. I vest fekk ein så ytterlegare ei stor splitting i reformasjonen1500-talet. Sjølv om det alltid har vore visse samtalar med omsyn på å sameine dei forskjellige kyrkjesamfunna, var forholdet inntil andre halvdel av 1900-talet generelt prega av mistru og fiendtlege innstillingar.

Ei av dei store endringane i det økumeniske klimaet kom med det andre vatikankonsilet (1962 1965), då den katolske kyrkja opna for samtalar med andre kyrkjesamfunn i ei heilt ny and. Etter dette har ein mellom anna kome fram til Felleserklæringa om rettferdiggjeringsslæra (1999), der Det lutherske verdsforbundet og den katolske kyrkja presenterte eit felles syn på eit av dei sentrale stridstema mellom kyrkjene. Erklæringa viser mykje av det økumeniske arbeidet ved at han ikjke legg skjul på at det i spørsmålet om rettferdiggjeringslæra ikkje er full semje, men at han presenterer det som er felles, og samstundes legg fram kvar kyrkje sitt syn på det som gjenstår, slik at ein er klar over bakgrunnen for skilnadane, og dermed kan unngå ordkrigar av den typen som oppstod ved reformasjonen.

Mellom lutherske og anglikanske kyrkjer har ein mellom anna kome fram til Porvoo-avtalen, som oppretta eit nattverdsfellesskap mellom desse.

Det er usemje om kva som er det endelege målet for økumenikken, sidan ein har forskjellige syn på hva Kyrkja er. For dei som ser kyrkja som ein institusjon som er naudsynt for frelse, som katolikkar og ortodokse, er målet full eining innanfor éi kyrkje; for andre er målet gjerne felles nattverdsfeiring, men ikkje nødvendigvis ei felles kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Økumenikk