Ørestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørestad er òg eit tidlegare namn på ein storby som ein meinte ville utvikle seg i Øresundsregionen, København - Malmøområdet, etter bygginga av Øresundsbrua.
Komplekset Karen Blixen Park i Ørestad.

Ørestad er namnet på ein bydel i København som dels er utbygd, dels er under utbygging på øya Amager, i området mellom Københavns sentrum og Københavns Lufthavn på Kastrup.

Bydelen er planlagt med utgangspunkt i Københavns metro, som har seks stasjonar her: Islands Brygge, DR Byen, Sundby, Bella Center, Ørestad og Vestamager. På Ørestad stasjon stoppar dessutan regionaltog, Øresundstog og somme av IC-toga på strekninga mellom jarnbanestasjonen på flyplassen og sentralstasjonen i København, Hovedbanegården.

Fleire føretak og institusjonar har flytta til Ørestad. Til dømes flytta Danmarks Radio (DR) heile verksemda si hit i slutten av 2006, der den såkalla DR-Byen, med sin eigne metrostasjon, har konserthus i tillegg til lokale for radio- og TV-verksemda. Ved DR-byen ligg òg IT-Universitetet. Det største messesenteret i Skandinavia, Bella center, ligg òg i Ørestad. Ved Islands Brygge har ein part av København Universitetet tilhald. Dessutan har Ørestad eit stort kjøpesenter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ørestad