Øresundbrua
| Øresundbrua | |
| Offisielt namn | Øresundsbron |
|---|---|
| Transporterer | Biltrafikk Jarnbanetog |
| Kryssar | Øresund |
| Veg | E20 – 4 felt |
| Bane | Øresund jarnbanelinje - Dobbeltspor |
| Stad | København – Malmö |
| Utforming | Skråstagsbru |
| Lengste spenn | 490 m |
| Total lengd | 7 845 m |
| Breidd | 23,5 m |
| Seglingshøgd | 57 m |
| Trafikk | Om lag 17 000 bilar |
| Bompengar | 260DKK[1] /325SEK[2] /36EUR[3] |
| Opna | 2. juli 2000 |
| Opna av | Margrethe II av Danmark og Carl XVI Gustaf av Sverige |
Øresundbrua er ei bru som kombinerer dobbeltspor med jarnbane og fire felt med veg over Øresund. Brua er den lengste kombinerte veg- og jarnbanebrua i Europa, og bind saman områda rundt København i Danmark og Malmö i Sverige. Den internasjonale Europaveg E20 går gjennom tunellen og over brua, det same gjer Øresund jarnbanelinje. Brua er den lengste i verda som kryssar grenser, og blei både konstruert og er no eigd privat.[4]
Innhaldsliste |
[endre] Namnet
I Sverige og Danmark blir brua referert til som høvesvis Öresundsbron og Øresundsbroen. Bruselskapet sjølv insisterer på Øresundsbron, eit kompromiss mellom dei to språka som skulle symbolisera kulturell identitet i regionen. Sidan sambandet eigentleg er både ei bru og ein tunnel, blir det meir teknisk korrekt referert til som Øresundsambandet (dansk: Øresundsforbindelsen, svensk: Öresundsförbindelsen). The Sound Bridge blir òg somme gonger høyrt, ein variant som nyttar det engelske namnet.
[endre] Historie
Konstruksjonen av prosjektet starta i 1995, og den siste delen av prosjektet blei avslutta den 14. august, 1999. Kronprins Frederik til Danmark og kronprinsesse Victoria av Sverige møttest midt på for å feire ferdigstillinga av prosjektet. Den offisielle opninga fann stad den 1. juli 2000, med dronning Margrete II av Danmark og kong Carl XVI Gustaf av Sverige. Brua opna for trafikk seinare den dagen. Før opninga deltok 79 871 løparar i eit halvmaraton (Broloppet, bruløpet) frå Amager i Danmark til Skåne i Sverige den 12. juni 2000. Brua var ferdigstilt tre månader før tida.
I starten var ikkje bruken av brua så stor som forventa, noko ein trudde grunna i kor dyrt det var å kryssa brua. I 2005 og 2006 auka trafikken kraftig. Dette fenomenet trur ein var fordi det var dyrare å bu i Danmark enn i Sverige, og at danskar av den grunn flytta til Sverige og pendla til jobb i Danmark.
I 2008 kostar det 260 DKK, 325 SEK eller 36 EUR for å kome over brua, men ein kan få rabatt på opp til 75 % om ein reiser ofte. I 2007 reiste om lag 25 millionar over brua, 15,2 millionar i bilar og bussar, og 9,6 millionar med tog.
[endre] Finessar
Brua har eit av dei lengste skråstagsbruspenna i verda, med sine 490 m. Høgda på den høgaste pilaren er heile 204 m. Den totale lengda er 7845 m, som er om lag halve distansen mellom dei svenske og dei danske landmassane, og den veg 82,000 metriske tonn. Jarnbanelinja ligg under vegbanen på brua. Sjølv om brua har ei klaring på 57 m, vel det meste av båttrafikken å gå over Drodgen (kor tunnelen ligg). Brua blei designa av Arup.
[endre] Peberholm, ei kunstig øy
Brua går berre halvvegs over Øresund, til ei kunstig bygd øy kalla Peberholm. Øya, som er meir enn 4 km lang og nokre hundre meter brei, høyrer til Danmark og er ikkje busett.
[endre] Drogdentunnelen
Sambandet mellom Peberholm og Danmark går gjennom ein tunnel, kalla Drogdentunnelen. Den er 4050 m lang; ein 3,510 meter lang undersjøtunnel pluss to 270-meter lange porttunnelar. Grunnen til at der blei bygd ein tunnel i staden for ei til bru, var at staden var for nær København lufthamn.
[endre] Jarnbanetransport
Jarnbanen som går over brua blir styrt av det svenske SJ og Skåne lokaltog og det danske Danske Statsbaner. Ein serie nye tog med to spenningar blei utvikla for å binde saman København-området med Malmö og Sør-Sverige så langt som til Gøteborg og Kalmar på enkelte avgangar. Brua blir òg brukt av X2000-tog frå Stockholm. København lufthamn på Kastrup har sin eigen jarnbanestasjon. Det går tog over brua kvart 20. minutt om dagen og kvar time om natta.
Jarnbaneseksjonen er eit dobbeltsport av standardtypen som er kapabel for lyntog med fart over 200 km/t. Det var utfordringar knytt til ulike typar elektrifisering og signaltypar i Sverige og Danmark. Løysninga var å byta elektrisk system, frå svensk 15 kV, 16,7 Hz til dansk 25 kV, 50 Hz AC, rett før det austre tårnet (ved Lernacken i Sverige). Signaltypen er den svenske over heile brua. På Peberholm, byter linja til dansk signaltype som held fram gjennom tunnelen og vidare inn i Danmark. Det var òg eit anna problem: I Sverige køyrer toga på den venstre sida, men dei i Danmark køyrer på den høgre sida. Av den grunn må ein byte side, og dette skjer på Malmö stasjon, som òg er ein endestasjon. Ved den nye bytunnelen i Malmö fører ei bru sporet over til den andre sida.
[endre] Kostnadar
Kostnaden for heile prosjektet, inkludert motorveg- and jarnbanesamband på land, blei kalkulert til 30.1 milliardar DKK i 2000. Prisen er forventa å vere nedbetalt innan 2035. Sverige har òg starta å gi pengar til den nye bytunnelen i Malmö, som vil vere ein del av jarnbanen over Øresundbrua.
[endre] Bompengar
I januar 2008 var prisane for ein tur over heile sambandet følgjande:
| Kjøretøy | Danske kroner[1] | Svenske kroner[2] | Euro[3] |
|---|---|---|---|
| Motorsykkel | 145 DKK | 180 SEK | 20 EUR |
| Vanlig bil | 260 DKK | 325 SEK | 36 EUR |
| Bubil eller bil med campingvogn | 520 DKK | 650 SEK | 71 EUR |
| Minibuss (6-9 meter) | 520 DKK | 650 SEK | 71 EUR |
| Buss (lengre enn 9 meter) | 1100 DKK | 1365 SEK | 151 EUR |
| Lastebil (lengre enn 9 meter) | 775 DKK | 960 SEK | 106 EUR |
[endre] Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Øresundsbron - kontantpriser
- ↑ 2,0 2,1 Øresundsbron - kontantpriser
- ↑ 3,0 3,1 Øresund Bridge - cash prices
- ↑ http://osb.oeresundsbron.dk/documents/document.php?obj=1003
[endre] Bakgrunnsstoff
- Oresund Bridge - Offisiell nettside
- Øresund Bridge frå Skanska
- German/English - information+online booking
- Traffic on the Øresundbridge in recent years - Comparison chart.
- Live traffic flow (java).
- Oresund bridge on en.broer.no