Ørjan Drange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørjan Drange
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1978 (45 år)
Bergen
Yrke skribent, science fiction-forfattar

Ørjan Drange (fødd 11. juni 1978 i Bergen) er ein norsk forfattar.

Drange voks opp på Sand i Ryfylke. Då han hadde fullført vidaregåande skule, gjekk han eitt år på NansenskolenLillehammer, der han valde skrivekunstlina. Etter å ha fullført militærteneste, studerte han ved Universitetet i Bergen i to år, der han tok historie grunnfag og nokre andre fag. I 2003 debuterte Drange som forfattar med boka Under steinbølgene, ein sciencefiction-roman som er skriven på nynorsk. Sidan 2004 har han jobba som assistent for utviklingshemma i Bergen kommune.

Under steinbølgene er den einaste romanen Drange til no har skrive. Boka omhandlar eit oppdikta og gjennomført univers der eit telepatisk nettverk rår over menneska. Dei to unge mennene Munder og Ikar er eg-personane i boka, og ein følgjer dei i parallelle handlingar medan dei er i teneste for «Sjeleveven», men også somme tider utanfor «veven» sin kontroll.

Elles har han hatt eit par kortprosatekstar på trykk i tidsskriftet Ratatosk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]