Ørjan Sæle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørjan Sæle
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1975 (48 år)
Fjell kommune
Yrke forretningsdrivande
Far Finn Jarle Sæle
Mor Anita Apelthun Sæle

Finn Ørjan Sæle (fødd 16. juni 1975) er i Noreg ein kjend forretningsmann innan nettverksmarknadsføring. I starten av karrieren var han (blant mange «nettverkarar») respektert for arbeidet han la ned for å forsøka å reinvaska bransjen frå pyramidestempelet.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

I dei seinare åra har han blitt sterkt kritisert for med ufine midlar å berika seg sjølv på andre si kostnad.[1]

Hausten 2004 då det profilerte pyramideselskapet T5PC, gjekk konkurs, vart det stilt spørsmål om forretningsmoralen hans, etter forsøkjet med å overdra medarbeidarar og investorar til nettverksselskapet Thinkseven.[2]

Fleire av Ørjan Sæle sine verksemder har vore mindre vellukka.[3]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Sæle er son til Krf-politikaren Anita Apelthun Sæle og redaktør Finn Jarle Sæle.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hegnar.no, arkivert frå originalen 5. mai 2007, henta 23. februar 2007 
  2. [1]
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. mai 2005, henta 23. februar 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nett-TV[endre | endre wikiteksten]