Ørjar Øyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørjar Øyen
Fødd19. februar 1927
Brønnøy kommune
Død2. mars 2024
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, sosiolog
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
EktefelleBente Gullveig Alver, Else Øyen

Ørjar Øyen (fødd 19. februar 1927 i Brønnøy) er ein norsk professor i sosiologi og tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen.

Etter lærarutdanning ved Nesna lærarskole og arbeid som lærar i Glomfjord studerte Øyen sosiologi ved Universitetet i Oslo og sidan University of Washington i USA der Øyen tok mastergraden i 1953 og doktorgraden i 1962. Etter å ha vore vitskapleg assistent og universitetslektor ved Universitetet i Oslo, vart Øyen i 1968 professor ved Universitetet i Bergen. Han har vore professor emeritus sidan 1998. Øyen har hatt ei rad universitetsverv. Frå 1971-1973 var han dekanus ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen, og frå 1978-1983 rektor for Universitetet i Bergen.

Øyen har særleg arbeidd med sosiologiske spørsmål knytt til økologi og befolkning, samt interaksjon og sosial diffusjon. Mot slutten av karrieren har Øyen i vore oppteken av studentutveksling, internasjonalt universitetssamarbeid og forskningsetikk. Han har gjeve ut bøker som Sosiologien i Bergen (1994), Forskningsetikk i forskerhverdag: Vurderingar og praksis (saman med Bente Gullveig Alver, 1997), og med medforfattar Berta Dragicevic boka Beyond Frontiers: 30th Anniversary of Inter-University Centre Dubrovnik (2002).

Frå 1988 til 1995 var han generaldirektør ved Inter-University Centre i Dubrovnik, Kroatia og frå 1988 til 1991 president i Board of Directors, European Coordination Centre for Research and Documentation in Social Sciences i Wien. Vidare har Øyen vore formann for rådet for Chr. Michelsens Institutt.

Øyen har motteke mange norske, utanlandske og internasjonale utmerkingar. Han har fått Norsk sosiologiforenings Hederspris, Western Society of Criminologys President's Award og er æresmedlem av Inter-University Centre i Dubrovnik. Øyen er Kommandør av St. Olavs Orden, og han er tildelt Kroatias Stjerneorden. Vidare er han Distinguished Honorary Citizen av Staten Washington i USA.


Bibliografi[endre | endre wikiteksten]