Fennek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ørkenrev)
Fennek
Fennek
Fennek
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av fennek
Utbreiinga av fennek
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Hundefamilien Canidae
Stamme: Rev Vulpini
Slekt: Vulpes
Art: Fennek V. zerda
Vitskapleg namn
Vulpes zerda

Fennek (Vulpes zerda) er ein type rev som lever i innlandet i Nord-Afrika og i delar av Arabia. Han er den minste arten i hundefamilien, men har dei største øyrene. Namnet kjem frå eit arabisk ord for rev, fenek.

Fennek i Wilhelma dyrehage i Tyskland.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Reven er eit lite dyr som blir rundt 0,68–1,6 kg, med ei leng på 24–40 cm og ei høgd på rundt 20,3 cm. Han er tilpassa eit tørt og varmt klima, med store øyre som avgjer varme, ein lys, isolerande pels som kjøler om dagen og vermer om natta, pelskledde føter som blir verna mot den varme bakken, og ved at han nesten ikkje treng vatn i tillegg til det han får frå føda.

Utbreiinga til fennekar i Afrika.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fennek lever først og fremst i Sahara, men finst i nesten heile Nord-Afrika, med ei sørleg grense i nordre Niger. Ein finn fennek frå Marokko i vest til Sinaihalvøya og Kuwait i aust.

Habitatet er hovudsakleg ørken, på stader der det finst spreidd vegetasjon som dyret kan gøyma seg i.

Fennek på matjakt rundt menneske.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Fennek er eit sosialt rovdyr som lever i familiegrupper (flokkar) på opptil ti dyr. Gruppa inneheld gjerne eit avlande par (alfapar), årets kull og individ frå eit tidlegare kull. Alfahannen markerer territoriet for å halda andre hannar vekk. Fennekane kommuniserer gjennom lydar og kroppsspråk.

Reven er nattaktiv. Han et gnagarar, insekt, firfisler, fuglar og egg, eventuelt lauv og bær for å auka væskeinntaket. Han er sjølv byttedyr for hubroar og kattedyret karakal.

På dagtida kviler fennekar i hi dei har grave ut. Hiet har ofte fleire ut- og inngangar. Det ligg gjerne i eit område med plantar som kan gje støtte til hòla dei grev ut. Fleire familiar kan dela eit nettverk av gangar og bol i same bustadkompleks.

Fennek og menneske[endre | endre wikiteksten]

I Nord-Afrika har ein tradisjonelt drive jakt på reven, hovudsakleg for pelsen si skuld. Han blir ikkje rekna som truga, men blir likevel rekna som eit dyr ein bør halda auge med handelen av.[1]

Fennek blir halde som eksotisk kjæledyr i nokre land, mellom anna i USA der det blir avla revar til slike føremål. Bortsett frå sølvrev er fenneken den einaste reven som kan fungera i ein vanleg heim, sjølv om han ikkje er heilt domestisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.