Ørkenrose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørkenrose

Ørkenrose er blomeliknande eller rosettliknande formasjonar av minerala gips, barytt eller kalkspat i lag med sandkorn. «Blada» er krystallar, flate langs den krystallografiske c-aksen.

Krystallhabitusen har ein tendens til å danne rosettar når krystallane oppstår i tørre, sandete tilhøve, som under fordamping i grunne saltbasseng. Ørkenrosene av gips er vanlegvis tydelegare med skarpare kantar enn baryttroser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ørkenrose

Kjelder[endre | endre wikiteksten]