Ørske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørske kan oppstå dersom ein vert utsett for store høgder
Trong spiraltrapp i eit tårn

Ørske eller svimmelheit er ei førekjensle av et ein sjølv eller omgjevnadene roterer. Ordet vert også brukt meir ålment om ei forbigåande kjensle av vanmakt og vert ofte fylgt av at det svartnar for augo eller at ein kjenner seg svært desorientert. I medisin vert det rekna som eit uspesifikt omgrep, og kan visa til anten vertigo, presynkope eller disekvilibrium.

Fenomenet heng ofte saman med augerørsler i rykk (nystagmus), kvalme og sveittetokter. Anfall av ørske der ein kjenner at ein byrjar å dåna, skjer ved uro i blodtrykket eller sirkulasjonen, hjernesvulstar, hjernebetennelse, forkalking av hjernekara, talrike forgiftingar (me.a. gjennom rusing og bruk av medikament) og ei rekkje andre plager.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Gyratorisk ørske oppstår som eit normalt fenomen når ei rask dreierørsle (t.d. når ein køyrer karusell) plutseleg stoppar opp. Rørsla set i gang adaptive responsar i balanserelaterte nervebanar som varer etter at rørsla stoppar, slik at ein opplever ei innbilt rørsle i motsett retning etterpå. Gyratorisk ørske er eit vanleg symptom ved plager i det indre øret, likevektsnerven og hjernen/hjernestammen.

Nokre menneske får kortvarige aningar av avmakt når dei reiser seg brått frå sitjande eller liggande til ståande stilling. Dette kjem av eit mellombels fall i blodtrykket i hjernen og er ofte normalt.

Ørske kan også oppstå ved angstplager som generalisert angstplage, panikkplage, og ulike former for depressive plager (bipolar plage). Ørske ved høgde er vanleg dersom det er snakk om store høgder. Ørska går då vekk ved å lukke augo. Likevel kan invalidiserande ørske også oppstå ved relativt små høgder saman med sterk angst som ikkje går vekk sjølv om ein lèt att augo. Då står det som regel ein fobi bak, kalla høgdeskrekk.

Gjentakande anfall av lettare ørske bør ein alltid frå undersøkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]