Ørsta
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Ørsta i Møre og Romsdal | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 6 717 (2011) | |
| Folketettleik | 1 170,2 /km² | |
| Areal[1] | 5,74 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | E39655 | |
| Postnummer | 6150 ØRSTA | |
| Innbyggjarnemning | ørsting | |
| Preposisjon | i Ørsta | |
Ørsta er den største tettstaden i Ørsta kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke med 6717 innbyggjarar pr 1.1.2011. Det er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal, etter byane Ålesund, Molde og Kristiansund. Om lag 63,5 % av innbyggjarane i kommunen bur i tettstaden Ørsta.
Tettstaden Ørsta omfattar heile den tettbygde delen av det tradisjonelle Ørsta sentrum og den tettbygde delen av Hovdebygda.
Ørsta er administrasjonssenteret i Ørsta kommune, og inneheld alle funksjonar i ein bygdeby.
Ørsta er såleis eit handlesenter og er også eit senter for industri. Den største industribedrifta er SafeRoad. Her er vidare mellom anna møbelfabrikkar, mellom anna Foraform, og meieri. I tettstaden ligg også vidaregåande skule, og Møre Folkehøgskule. Avisa Møre-Nytt har kontora sine i Ørsta sentrum.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.