Ørsta kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørsta kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1520
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Ørsta
Areal 803 km²
Folkemengd 10 395 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011–) Rune Hovde (H)
Målform Nynorsk[1]
Nettstad www.orsta.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[2]
Befolkningsutvikling kommune 1520.svg
Ørsta kommune på Commons

Ørsta kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal og grensar til Sykkylven og Stranda i aust, Hornindal i sør og Volda i sørvest. Nord for Vartdalsfjorden og Storfjorden ligg kommunane Ulstein, Hareid og Sula.

Tettstaden og administrasjonssenteret i kommunen heiter òg Ørsta.

Innhaldsliste

Kommunehistorie [endre]

Ørsta vart eigen kommune den 1. august 1883, etter å ha vore ein del av Volda kommune frå 1837. Ved kommunedelinga hadde den nye Ørsta kommune 2070 innbyggarar[3] Den 1. november 1893 vart garden Ytrestøyl med 13 innbyggarar ført over til Volda. [3]

I 1917 vart namnet endra frå Ørsten til Ørsta.

1. januar 1964 vart Ørsta slegen saman med Vartdal og Hjørundfjord til det som i dag er Ørsta kommune. Ved kommunesamanslåinga hadde Vartdal 1315 innbyggarar, Hjørundfjord 1728 innbyggarar og gamle Ørsta kommune 6209 innbyggarar. Til saman vart dette 9252 innbyggarar i den nye storkommunen.[3]

Folketalsutvikling [endre]

Folketalsutvikling for noverande Ørsta kommune frå 1900:

1900[4] 1.12.1920[5] 1.12.1930[6] 3.12.1946[6] 1.1.1951[7][8][9] 1.1.1961[7][8][9] 1.1.1971[7] 1.1.1981[7] 1.1.1991[7] 1.1.2001[7] 1.1.2010[7]
5163 6011 6195 7615 8108 9102 9484 10149 10248 10259 10343

Næringsliv [endre]

Ivar Asen-tunet

I Ørsta er industri, handel, jordbruk, fiske og havbruk viktige næringsvegar. Av bedrifter er Saferoad AS, Vik Ørsta AS , Vartdal Plast, Tine Meieri Vest avd. Ørsta og Fora Form AS dei største. Fiskebåtane er særleg lokalisert til Vartdal. Der har fiske tradisjonelt vore viktig. No er det få havgåande fartøy i kommunen. I Vartdalsfjorden og Storfjorden er det oppdrett av laks og torsk. I tillegg har kommunen landbaset settefiskproduksjon. Jordbruket finn ein mest i dei største dalane: Bondalen, Follestaddalen og Åmdalen. Av kulturelle attraksjonar må særleg nemnast Ivar Aasen-tunet, som vart opna i 2000.

Tettstadar og bygder i Ørsta [endre]

Statua av Ivar Aasen i Ørsta sentrum
For meir om dette emnet, sjå Ørsta.
  • Sætre i Vartdal er også definert som tettstad. Dette er den tettast befolka delen av bygda Søre VartdalVartdalsstranda. Sætre er den 56. største tettstaden i Møre og Romsdal, med 376 innbyggarar pr 1.1.2007.

Natur [endre]

Sunnmørsalpane på ytre del av Ørstahalvøya.Biletet er teke frå Klovekinn mot søraust.

Størstedelen av Ørsta kommune ligg på ei halvøy som er avgrensa av Hjørundfjorden, Storfjorden, Vartdalsfjorden og Ørstafjorden. Denne halvøya vert stundom kalla Ørstahalvøya. Naturen her er prega av høge spisse fjell kring tronge dalar. Det gjeld og den delen av kommunen som ligg på austsida av Hjørundfjorden. Mykje av det området som vert kalla Sunnmørsalpane finn vi i Ørsta kommune.

Kjende fjell [endre]

Andre naturområde [endre]

Naturulukker [endre]

Naturen i Ørsta gjer at området har vorte råka av fleire store ulukker, særleg då snøras. 1. januar 1770 vart kyrkjebåtane frå indre del av Hjørundfjorden råka av snøras. 27 menneske miste livet.

I februar 1968 vart garden Rise teken av snøras. Mange hus vart knust og tre menneske miste livet.

I november 1971 miste sju mann livet i Molaupsulykka. Dei vart tekne av snøras i bratt fjellterreng på austsida av Hjørundfjorden.

I februar 1979 vart bustadområdet Engeset ved Ørsta sentrum råka av Engesetfonna. Snøen knuste fleire hus og tre menneske omkom. Dagen før miste ein brøytesjåfør livet.

Samferdsel [endre]

I Ørsta ligg Ørsta/Volda lufthamn, Hovden like ved grensa til Volda. Det går ruter til Bergen lufthamn, Flesland og Oslo lufthamn, Gardermoen.

E39 går gjennom Ørsta. Det er om lag 10 km mellom Ørsta sentrum og sentrum i nabokommunen Volda. Etter opninga av Eiksundsambandet i 2008 undersjøisk tunnel er det ferjefritt samband mellom Ørsta og nabokommunane Ulstein og Hareid. Eiksundsambandet har gjort dei 6 kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Sande og Hareid til ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det er 36 km frå Ørsta sentrum til Festøya. Her er det ferjesamband til Solavågen i Sula. Frå Festøya går det òg ferje til Hundeidvik i Sykkylven.

Ørsta har fem andre ferjekaier. Riksveg 655 som går frå Ørsta sentrum kryssar Hjørundfjorden ved ferjeleiet på Sæbø på vestsida av fjorden, og Leknes på austsida. Riksveg 655 held fram mot Stranda gjennom Norangsdalen. Denne vegen er ofte stengd om vinteren på grunn av ras og rasfare. Ferja mellom Sæbø og Leknes går og rute til Standal og Trandal. I Hjørundfjorden er det og ferjekai på Skår. Hit kjem ferja på signal.

Utanom ferjerutene vert Hjørundfjorden trafikkert av ein skyssbåt.

TIMEkspressen mellom Volda og Kristiansund går på E39 gjennom Ørsta med om lag 15 avgangar om dagen båe vegar.

Kyrkjer [endre]

Vartdal kyrkje

Den norske kyrkja har fire kyrkjer i Ørsta.

I Ørsta sentrum ligg Ørsta frikyrkje

Kjende ørstingar [endre]

Ivar Aasen

Bakgrunnsstoff [endre]

Fotnotar [endre]

  1. Lovdata, forskrift til Mållova vitja 14. april 2009
  2. Kjelde: SSB
  3. 3,0 3,1 3,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  4. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  5. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  6. 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Folkemengd i Ørsta 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. 8,0 8,1 Folkemengd i Vartdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  9. 9,0 9,1 Folkemengd i Hjørundfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå