Østernvann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Østernvann er eit vatn overfor Fossum i Bærum kommune i Akershus. Vatnet ligg under Brunkollen i Bærumsmarka. Innsjøen er demd opp, og ligg i nedbørfeltet til Lysakerelva. Det er badeplass ved vatnet.
Vest for vatnet står ein statue, og like ved ligg Svenskehølet der dei lokale innbyggjarane i følgje ei segn gøymde seg for Karl XII og dei svenske troppane under den store nordiske krigen i 1716.