Østfold Energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Østfold Energi er ein vasskraftprodusent stifta i 1988 med hovudkontor i Sarpsborg kommune i Østfold. Selskapet er eigd av Østfold fylkeskommune og 13 av kommunane i fylket.

Selskapet eig kraftverkea Borgund, Nyset-Steggje, Ørje og Brekke kraftstasjon. I tillegg disponerer dei 16,3 % av Tistedalsfoss kraftstasjon

Årleg vasskraftproduksjon er om lag 1640 GWh.

Selskapet eig òg 50 % av Kvalheim kraft som produserer vindkraft og to energigjenvinningsanlegg i Østfold som produserer om lag 210 GWh varme. Årsproduksjonen i Kvalheim Kraft var på 13,3 GWh i 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]